Magnus Dagestad
Magnus Madsson Dagestad (13. august 1865–2. april 1957) var kunsthandverkar frå Voss og styrar ved Norsk Kunsthandverksskule som han sjølv grunnla i 1920. Som ung var han elev hjå den landskjende treskjeraren Lars Kinsarvik. Kinsarvik henta inspirasjon frå den gamle norrøne ornamentikken, den såkalla drakestilen, som også Magnus Dagestad vart mykje oppteken av.
Magnus Dagestad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. august 1865 Voss herad |
Død |
2. april 1957 (91 år) |
Yrke | kunsthåndverker, kunstnar |
På ei utstilling i Paris i 1889 fekk han bronsemedalje for møblar med treskurd. Han stilte også ut av arbeida sine på verdsutstillinga i Chicago. Saman med den fyrste kona si, brukskunstnaren Helena Dagestad, bygde han seg verkstad på Voss. Dei vart landskjende for utskorne og dekorerte møblar og bygningar. I 1920 grunnla Magnus Dagestad Norsk Kunsthandverksskule, og han var styrar for skulen til han gjekk av for aldersgrensa i 1935. I 1950 opna Magnus Dagestad sjølv eit lite museum over arbeidet sitt. Museet er seinare utvida med nybygg og utstillingsrom.
Magnus Dagestad var spelemann attåt, og har ni nedskrifter i Hardingfeleverket, ved Arne Bjørndal.
Bakgrunnsstoff
endre- Heimeside til Magnus Dagestad-muséet. Arkivert 2007-06-29 ved Wayback Machine.
- Ole Didrik Lærum: Magnus Dagestad - Treskjerar, spelemann og livskunstnar. Det norske samlaget 1989. ISBN 82-521-3440-8
- Norsk biografisk leksikon