Magnus V av Noreg

(Omdirigert frå Magnus V)

Magnus V eller Magnus Erlingsson (115615. juni 1184) var konge av Noreg i tidsrommet 1162-1184.

Magnus V av Noreg
Magnus Erlingssons saga-Tittelfrise-G. Munthe.jpg
Konge av Noreg
Regjeringstid1184-1202
Fødd1156
FødestadNoreg
Død15. juni 1184
DødsstadSognefjorden
GravstadBergen
FøregangarHåkon Herdebrei
EtterfølgjarSverre Sigurdsson
Gift medEstrid Bjørnsdotter
DynastiHardrådeætta
FarErling Skakke
MorKristin Sigurdsdatter
BornSigurd Magnusson, Inge Magnusson

Magnus var son åt stormannen Erling Skakke og Kristin, dotter åt Sigurd Jorsalfare. Han var difor ikkje kongsson, noko birkebeinane nytta mot han i kampen om makta. Magnus Erlingsson var den fyrste norske kongen som vart krynt, anten i 1163 eller 1164. Han var berre fem år då han vart vald til konge av lendmannspartiet under borgarkrigstida. Dei fyrste åra, medan han var umyndig, var Erling Skakke formyndarregent. Den fyrste sigeren hans på slagmarka var slaget på Re utanfor Tønsberg i 1177, der birkebeinkongen Øystein Møyla vart drepen.

Seinare same året kom Sverre Sigurdsson frå Færøyane og tok over leiinga av birkebeinane og førte kampen vidare. Erling Skakke fall i slaget på Kalvskinnet i Nidaros i 1179. Magnus Erlingsson fall i slaget ved Fimreite i Sognefjorden i 1184.