Magnus Erlendsson

(Omdirigert frå Magnus den heilage)

Magnus Erlendsson (St. Magnus eller Magnus den heilage), truleg fødd omkring 1080[a], var jarlOrknøyane frå om lag 1108 til 1115, saman med syskenbarnet Håkon Pålsson. 21 år etter at han døydde, vart han kåra til helgen; minnedagen hans er 16. april.

Magnus Erlendsson

St Magnus – skulptur frå Nidarosdomen.
Fødd1075
FødestadEgilsay
Daud16. april 1117
Helgendag16. april
Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten: jarl í Orkneyum.

Norrøne kjelder endre

Flest opplysningar om Magnus Erlendsson finn vi i Orknøyingasoga[1]. Han er òg omtala i soga om Magnus Berrføtt[2] og i Fagerskinna[3].

Det finst òg to særskilte soger om Magnus den heilage; Magnús saga skemmri og Magnús saga lengri. Stoffet i desse sogene er til dels avskrift frå Orknøyingasoga og til dels religiøse framstillingar og myter, og det meste av innhaldet er ikkje rekna som historisk verdfullt[4].

Familie endre

Far til Magnus var Erlend Torfinnsson og mor hans var Tora, dotter til Sumarlide Uspaksson. Far til Sumarlide var truleg Uspak Tórdarson og mor hans var Torgerd (Tordis), som var dotter til den mektige hovdingen Sidu-Hall TorsteinssonIsland. Magnus hadde broren Erling, systrene Gunnhild og Cecilia, og halvsystera Jatvor. Gunnhild vart gift med lendmannen Kol Kalesson i Agder og dei var foreldra til orknøyjarlen Ragnvald Kale Kolsson.

Farfar til Magnus var orknøyjarlen Torfinn Sigurdsson den mektige. Farmor hans var Ingebjørg Finnsdotter (Jarlemor) og syskebarnet hennar var Tora Torbergsdotter, mor til kongane Magnus Haraldsson og Olav Kyrre. Etter at Ingebjørg Finnsdotter vart enke, gifte ho seg opp att med den skotske kongen Malcolm II (Canmore) og vart mor til Duncan II[5], som vart skotsk konge i 1094 (han vart myrda det same året).

Tora Sumarlidedotter, mor til Magnus, vart gift med ein som vart kalla Sigurd jarlsmåg. Med han fekk ho sonen Håkon Kall, som såleis var halvbror til Magnus.

Magnus hadde mange syskenborn, eit av dei var Håkon, son til farbroren Pål Torfinnsson.

Tidleg liv endre

 
Kong Magnus segla vest over havet og hadde det beste mannskapet som fanst i Noreg, skreiv Snorre.
Teikning av Christian Krohg (1899).

Faren og farbroren var sams jarlar over Orknøyane. Under deira styre var det lenge fredlege tider i riket, og i byrjinga hadde dei eit godt tilhøve seg imellom. Då sønene deira vaks til, vart det stor usemje mellom dei. Det var særleg Håkon Pålsson og Erling Erlendsson som skapte splid, medan Magnus Erlendsson var meir stillfarande.

Godviljande menn megla mellom brørne og det vart gjort avtale om å dele riket i to, og på det viset gjekk det ei tid. Men så vart dei usamde på nytt og det enda med at Håkon Pålsson reiste frå øyane; ei lang tid var han i Noreg og seinare i Sverige. På Orknøyane var det deretter far til Magnus, Erlend jarl, som styrte for det meste.

Konflikta mellom brørne og sønene deira, fekk ei brå og uventa løysing då den norske kongen Magnus Berrføtt i 1098 kom til Orknøyane med ei stor hær og tok makta over riket. Han tok Erlend jarl og Pål jarl til fange og sende dei til Noreg, og i deira stad sette han sonen sin, åtte år gamle Sigurd til jarl. Dette var første gongen ein norsk konge greip direkte inn i styringa av jarledømet på Orknøyane. Aldri før hadde ein norsk konge avsett ein jarl og sett inn sin eigen representant i staden. Orknøyjarlen, som til denne tida hadde styrt i kraft av arv og føderett, var i røynda blitt til «kongens jarl».

Då kong Magnus Berrføtt heldt fram med hærferda til Sudrøyane (Hebridane) måtte dei tre jarlesønene Håkon, Erling og Magnus vere med, og Orknøyingasoga[6] fortel at Magnus var om bord på kongen sitt skip og tente som skutilsvein[7]. Ein gong kom det til eit stort slag i Ongulsøysund (Menai Straits sør for Anglesey), men Magnus væpna seg ikkje og ville ikkje slåst. Han sette seg ned under tiljene med eit psalter og sat og song medan slaget stod på, og kong Magnus mislikte han sterkt etter dette. Noko seinare rømde Magnus frå kongeskipet og Orknøyingasoga fortel at han drog til «Melkolm skottekonge». Sogeskrivaren må her ha teke i miss, om han meinte kong Malcolm III (Canmore), som døydde i 1093. Kongen i Skottland i tida omkring 1098/99 var Edgar[8], sonen hans. Magnus og Edgar var i slekt, då dei begge stamma frå kong Malcolm II av Skottland. Kong Edgar skal ha vore særs from, han hadde hatt ei religiøs oppseding og var ein sjenerøs velgjerar av kyrkja. Magnus kom såleis inn i eit miljø som høvde for hans religiøse legning. Der var han nokre år, seinare skal han ha vore hos kong Henry I (1068-1135) i England.

Magnus Erlendsson kom ikkje attende til Orknøyane så lenge kong Magnus levde.

I helgensoga om Magnus Orknøyjarl[9] blir det fortalt at han ei tid levde i bønn og bot hos ein walisisk biskop, og der er det òg referert til kronikøren William Worcester (1415-1482) som opplyser at Magnus i 1105 vart gift med Ingarth, ei ung og fornem kvinne. Orknøyingasoga[10] nemner òg dette giftarmålet og legg til at han levde saman med henne utan samkvem i ti år «soleis at han ikkje skjemde seg og henne».

Samstyre på Orknøyane endre

Under sitt andre vesterhavstokt, fall kong Magnus Berrføtt i 1103 ved Ulster. Magnus sin eldre bror Erling Erlendsson, fall òg på den same hærferda. Nokre år seinare (truleg omkring 1108) kom Magnus Erlendsson frå Skottland attende til Orknøyane for å krevje farsarven sin. Syskenbarnet Håkon Pålsson hadde i mellomtida fått jarlsnamn av kongane i Noreg og hadde teke over styringa med heile øyriket. Han samla ei hær og ville ikkje gi frå seg makta til Magnus. Magnus drog då aust til Noreg og oppsøkte kong Øystein Magnusson. Han må ha kome til Noreg rett etter 1008, for Orknøyingasoga fortel at Sigurd Magnusson då alt hadde reist på krossferd til Jorsal. Men kong Øystein tok vel imot han, gav han jarlsnamn og styringa med halve Orknøyane. Magnus jarl for då attende til øyane og tok over riket sitt. Håkon jarl aksepterte kongen si avgjerd, og ei tid var Magnus jarl og Håkon jarl vel forlikte.

Orknøyingasoga[11] fortel at bøndene likte godt at Magnus vart jarl, for han var særs vel omtykt. Han hadde mange frendar som hjelpte han med styringa, og han blir omtala i særs positive ordelag.

 
St Magnus kyrkja på Egilsay. Kyrkja vart bygd på slutten av 1100-talet, og er dedikert til Magnus den heilage som vart drepen på øya, truleg i 1115.
 
St. Magnus kyrkja i Birsay[12]. Kyrkja er av nyare dato, men står truleg på den same staden som den opphavlege «Kristkyrkja», der relikvieskrinet til Magnus den heilage først vart plassert.

Drapet på Magnus jarl endre

Etter ei tid gjekk det som før når det var samstyre på øyane, og det vart usemje melom dei. Orknøyingasoga legg mest skulda på Håkon jarl, og han skal ha blitt ovundsjuk på Magnus fordi alle tykte best om han. Det enda med at dei samla seg kvar sin hærstyrke og budde seg på krig. Det vart gjort freistnader på å forlike dei, men likevel enda det til sist med at Magnus jarl vart drepen på Egilsøy. Det skal ha vore «Livolv», kokken til Håkon jarl, som utførte drapet med eit øksehogg i hovudet på Magnus jarl, og det skal ha skjedd 16 april, i påskehøgtida i året 1115.[b] I St. Magnuskatedralen i Kirkwall er det i nyare tid funne ei kiste med beinrestar[13] som stadfester drapet og drapsmetoden, årstalet for drapet er likevel omdiskutert. Det er òg rekna som uvisst i kor stor grad Håkon jarl sjølv medverka til drapet.

Magnus jarl vart først lagt i jorda der han vart drepen, men ikkje lenge etter var liket hans teke opp og ført til Kristkyrkja som Torfinn Sigurdsson jarl hadde late bygge i Birsay (Byrgesherad), og gravlagt der.

Magnus blir erklært heilag endre

Ikkje lenge etter tok folk til å tale om under som skulle ha skjedd ved grava hans og sjuke folk var blitt friske der. Biskopen på Orknøyane på denne tida var Vilhelm den gamle, og lenge meinte han at det var ovtru å fare med slikt snakk. Seinare hadde han sjølv opplevingar som overtydde han om at Magnus var heilag, og det var biskop Vilhelm som i stor grad fremja helgenkulturen omkring sankt Magnus. 21 år etter at Magnus døydde vart liket grave opp (elevert), lagt i eit skrin og flytta (translatert) til alteret inne i Kristkyrkja. Orknøyingasoga tidfester hendinga til Luciadagen, 13. desember, truleg i året 1135.

Etter ei tid, truleg den same vinteren, vart skrinet med leivningane etter Magnus flytta aust til Kyrkjevåg (Kirkwall). Det var biskop Vilhelm, med eit stor fylgje, som stod for translasjonen den om lag 3 mil lange vegen. Skrinet vart i første omgang sett inn i St. Olav kyrkja[14][15] i Kirkwall.

På denne tida var Ragnvald Kale Kolsson blitt jarl på Orknøyane, og i 1137 sette han i gang arbeidet med å bygge St. Magnuskatedralen i Kirkwall, til minne om morbroren, den heilage Magnus. Truleg var biskop Vilhelm den gamle sterkt involvert i prosjektet. Første byggesteget var ferdig omkring 1150, og innan den tida var relikviane etter Magnus blitt flytta inn i katedralen og plassert i eit skrin ved høgaltaret.

Ettermæle endre

 
St. Magnuskatedralen i Kirkwall vart reist til minne om Magnus den heilage.
 
Kyrkja «St Magnus the Martyr» ved London Bridge i London, er dedikert til martyren sankt Magnus, jarl på Orknøyane.

Orknøyingasoga vart nedskriven om lag 100 år etter at Magnus jarl døydde. Han var då for lengst blitt erklært som helgen og ikkje uventa handlar store bolkar av soga om hans liv og ettermæle. Han skal ha vore særs godt likt av alle og blir omtala i dei mest positive ordelag: han var stor av vekst, mandig og open å sjå til, han hadde gode seder, var sigersæl i kamp, klok og veltalande, myndig, gåvmild på gods. Han var òg venleg mot alle, men hard og nådelaus mot ransmenn og vikingar. I alle ting heldt han strengt på Guds bodord, som det sjølvsagt høvde seg for ein helgen, og særleg i kapittel 57[16] av soga blir det fortalt om alle undera som skjedde etter at han var død.[c]

Medjarlen hans, Håkon Pålsson, blir derimot skildra som avundsjuk og brutal, og ved svik let han mennene sine drepe Magnus for å sikre seg sjølv udelt makt over jarleriket. Men seinare, etter at Magnus var død og han var jarl aleine, blir han likevel så godt likt at «orknøyingane stunda berre etter at dei måtte få ha Håkon til hovding lenge».

Skildringa av dei to «motpartane» verkar tendensiøs og det er vanskeleg å gjere seg opp ei meining om korleis dei to jarlane i røynda var. Det er òg sannsynleg at at framhevinga av Magnus som helgen var politisk motivert og tente interessene til både Ragnvald jarl og biskop Vilhelm.

Magnus sin helgenstatus vart stadfest 11. juli 1898[9] av pave Leo XIII (1878-1903). Han er den einaste «norske» helgenen som er offisielt kanonisert av Vatikanet. Utanfor Norden blir han rekna som ein skotsk helgen. Etter tradisjonen var opptakingsdatoen (skrinlegginga) 13. desember og avfaredagen (minnedagen) hans blir feira den 16. april (Magnusmesse). Denne datoen er òg avmerka på den norske primstaven.

Til feiringa av Magnusmesse vart det skrive ei hymne, «Magnushymna» eller «Nobilis humilis»[17]. Dette er kanskje det eldste bevarte musikkstykke frå Norden og ein trur at hymna opphavleg kan ha blitt laga til innviinga av St. Magnuskatedralen i Kirkwall.

Utanom St. Magnuskatedralen er mellom andre desse kyrkjene vigd til Magnus den heilage: «St Magnus the Martyr» i London, «St. Magnus kyrkje» i Lillestrøm, «St Magnus'», i Lerwick på Shetland, «St. Magnus Church» i Birsay på Orknøyane, «St Magnus Kirk» på Egilsay på Orknøyane og «Magnuskatedralen» på Færøyane. Av dei to siste er i dag berre ruinane att.

Relikviane etter Magnus jarl endre

Etter reformasjonen trudde ein at relikviane var komne bort, men under renovasjonsarbeid i St. Magnuskatedralen i 1919 vart beinrestane etter Magnus jarl funne[13], og dei er i dag murt inne i ein av pillarane i katedralen.

Beina er seinare blitt undersøkt fleire gonger[18] [19]. Ein kunne då påvise at beinrestane var av ein mann, estimert til alder mellom 25 og 35 år, om lag 171,7 cm høg, og svakt fysisk utvikla (nan var såleis ikkje så stor og sterk som det er fortalt i Orknøyingasoga). Hovudskallen hadde spor etter hogg, men ein kunne konstatere at desse ikkje samsvarer med øksehogget som drap han, slik det er skildra i Orknøyingasoga[20].

Referanseside Føregjengar O r k n ø y j a r l Etterkomar Tilleggsopplysningar
Orknøyjarlane Håkon Pålsson Magnus Erlendsson
Samstyre med:
Håkon Pålsson
Håkon Pålsson St. Magnuskatedralen
Vilhelm den gamle

Merknader endre

  1. Ein veit ikkje når Magnus Erlendsson var fødd, men i 1098 var han med kong Magnus Berrføtt på hærferd og då var han gamal nok til at det vart forventa av han, at han skulle væpne seg og ta del i striden.
  2. Tidsrekning og årstal om denne hendinga i kapittel 51 i Orknøyingasoga er innbyrdes motseiande. Det er oftast rekna med at dødsåret til Magnus jarl var 1115.
  3. I «Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie» (bind 2, side 651) gir Finnur Jonsson denne karakteristikken av deler av soga: .. en frasemeæssig, gejstlig og ordrig skildring af Magnus jarl, der er höjst afstikkende og afbryder den rigtige sammenhæng ..

Kjelder endre

  1. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Soga om Magnus Berrføtt Kongesoger III (Samlaget, Oslo 1965)
  3. Fagrskinna v/Unger og Munch (1847) norrøn tekst, (kap. 81)
  4. «Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie» av Finnur Jonsson , bind 2 sidene 646 653
  5. Duncan II son til Ingebjørg jarlemor
  6. Orknøyingasoga kapittel 40
  7. Skutilsvein Store norske leksikon
  8. Edgar Scottisch Monarchs
  9. 9,0 9,1 Den hellige Magnus Orknøyjarl frå katolsk.no
  10. Orknøyingasoga, kapittel 45 - karakteristikk av Magnus jarl
  11. Orknøyingasoga kapittel 44 og 45 - Magnus blir jarl.
  12. St Magnus Church Birsay på Mainland
  13. 13,0 13,1 The relics of St Magnus orkneyar.com
  14. St Olaf's Churchorkneyjar.com
  15. «The Northern Earldoms» side 206/207
  16. Orknøyingasoga kapittel 57 - Jarteignene hans Magnus jarl
  17. Magnushymna Arkivert 2016-12-30 ved Wayback Machine. Orkney Image Library
  18. One hundred and fifty years of human skeletal studies in Orkney v/Don Brothwell
  19. Remains of Saint Magnus and Saint Rognvald, Entombed in Saint Magnus Cathedral v/professor R. W. Reid
  20. Orknøyingasoga Kapittel 50 - Magnus jarl vert hoggen

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Magnus Erlendsson