Maghreb

(Omdirigert frå Magreb)

Maghreb (المغرب العربي al-Maġrib al-ʿArabī eller Maghrib er Nord-Afrika, nord for Sahara og vest for Nilen, inkludert Libya, Tunisia, Algerie, Marokko og av og til Mauritania. Ordet Maghreb er fransk med opphav i det arabiske ordet «Al-Maghrib», «Den nedgåande sola» eller «Vesten». På fransk vert innbuarane omtala som «maghrébins». Det arabiske namnet «Al-Maghrib» syner til området si geografiske plassering i vest i høve til resten av den arabiske verda i aust, som på arabisk vert omtala som «Machrek», «Den oppstigande sola».

Maghreb
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.