Mah-Rukh Ali (fødd 1. januar 1982) er ein norsk-pakistansk journalist og forfattar fødd i Oslo. Ho var nyheitsanker i TV 2 Nyhetene i ti år, og i 2017 blei ho kommunikasjonsjef i CARE Norge.

Mah-Rukh Ali
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. januar 1982 (42 år)
Oslo Sjå dette på Wikidata
Yrke journalist, faglitterær forfattar, nyhetsanker
Religion Islam

Ho var den første framandkulturelle kvinna som blei nyheitsanker i NRK, i 2006 (Noman Mubashir var den første mannen), og leia den aller første ordinære sendinga på TV 2 Nyhetskanalen saman med Terje Svabø.

Mah-Rukh Ali er fødd og oppvaksen i Oslo, med foreldre frå Pakistan og tre brør, men har også i periodar butt i foreldra sitt heimland. Ho snakkar tre språk flytande — norsk, urdu og panjabi. Som 14-åring skreiv ho Den sure virkeligheten. Boka handlar om å veksa opp i Oslo som muslim og jente, om å føla seg norsk, men bli behandla annleis.

Ali er utdanna journalist gjennom Høgskulen i Volda og har bachelorgrad frå Lahore i Pakistan. Ho har jobba i mellom anna Aftenposten, Dagbladet og Klassekampen. Ho begynte i NRK Dagsnytt i 2003, og kom til Dagsrevyen som reportar hausten 2005, då ho mellom anna vart send til det jordskjelvramma området i pakistansk Kashmir. Hausten 2006 blei ho tilsett i TV 2, og 15. januar 2007 opna ho TV 2 Nyhetskanalen.

Bakgrunnsstoff endre