Mahis (arabisk ماحص) er ein småby i Balqa guvernement i Jordan, 10 km vest for Amman. Folketalet er kring 14 000. Fjellybyen ligg over 800 meter over havet,[1] med flott utsyn over Jordandalen, Vestbreidda og Jerusalem i det fjerne. Mahis er kjend for frukthagane sine og dei mange vasskjeldene, mellom anna Mahisfontena.

Mahis
مدينة ماحص
by
Seinvinter i Mahis
Land  Jordan
guvernement Balqa guvernement
Høgd 800 moh.
Koordinatar 31°59′N 35°46′E / 31.983°N 35.767°E / 31.983; 35.767
Folketal 14 000  (2005)
Grunnlagd 350 fvt.
Kart
Mahis
31°59′00″N 35°46′00″E / 31.983333333333°N 35.766666666667°E / 31.983333333333; 35.766666666667
Kart som viser Mahis.
Kart som viser Mahis.
Kart som viser Mahis.
Wikimedia Commons: Mahis

Historie

endre
 
Gardar i Mahis
 
Mahis mot Jordandalen.

Ein trur Mahis vart grunnlagd i den romerske tida, då han låg ved grensa til det jødiske Perea og Filadelfia - Amman i Dekapolis. I bysantinsk tid låg han mellom bispedømet Gadara - Salt og Filadelfia.[2]

I Mahis ligg grava til Khidr, som er eit enkelt rom med ein liten hage kring og eit grønt flagg på toppen.[3][4] To kilometer vest for Mahies ligg Wadi Shoaib der grava til profeten Shoaib, eller Jethro, ligg i følgje bibelsk tradisjon.[5]

Kjelder

endre
  1. Indexmundi.com Online.
  2. RICERCA STORICO-ARCHEOLOGICAIN GIORDANIA XXIII - 2003 (Pdf file Research by Basema Hamarneh)
  3. Zain-Eldin, Mustafa Bin-Hashim (Summer 2003). «Jordan: The Land of Prophets» (PDF). Islamic Turisme (7): 66–74. Henta 27. desember 2010. [daud lenkje]
  4. The American Schools of Oriental Research Arkivert 2008-06-02 ved Wayback Machine. Online
  5. Peterjclark.tripod.com Online.

Bakgrunnsstoff

endre