Majnoon er ei øy sør i Irak nær Al-Qurnah og er eit senter for oljeproduksjon i Majnoon-feltet. Området vart utbygd av sanddyner og slam for å skape vegar for oljerøyrleidningane.

Majnoon
øy
Land  Irak
Koordinatar 31°05′03″N 47°27′15″E / 31.08417°N 47.45417°E / 31.08417; 47.45417
Kart
Majnoon
31°05′03″N 47°27′15″E / 31.084166666667°N 47.454166666667°E / 31.084166666667; 47.454166666667

Før Gulfkrigen passerte om lag ein sjettedel av oljeproduksjonen til Irak, kring 7 millionar fat per dag, over denne øya. Produksjonen tok seg raskt opp att etter kampar her under Iran-Irak-krigen, særleg operasjon Kheibar i 1984. Men etter sanksjonar frå Dei sameinte nasjonane og Irak-krigen i 2003, er produksjonen redusert til 46 000 fat per dag.

I desember 2009 gav dei irakiske styresmaktene ein lisens til eit prosjektsamarbeid mellom Royal Dutch Shell og Petronas om å ta over som operatør på Majnoon-feltet, og produksjonen vart auka til 13 millionar fat per dag.[1]

Kjelder endre

  1. «Iraq oil development rights contracts awarded». BBC News. 11. desember 2009. Henta 23. april 2018.