Málaga

(Omdirigert frå Malaga)

Málaga er ein by i den autonome regionen Andalucía i Spania. Han er den nest største byen i Andalucía, den sjette største i Spania og den 43. største byen i Den europeiske unionen med kring 570 000 innbyggjarar. Han er den åttande største europeiske byen ved Middelhavet og er den byen i Europa med meir enn 250 000 innbyggjarar som har dei varmaste vintrane. Byen ligg sør i Spania på Costa del Sol, om lag 100 km aust for Gibraltarsundet, og om lag 130 km nordaust for Tarifa - det sørlegaste punktet på det europeiske fastlandet.

Málaga
Horisonten til Málaga
Horisonten til Málaga
Flagget til Málaga Byvåpenet til Málaga
Flagget til Málaga Byvåpenet til Málaga


Plassering
Málaga is located in
Styresmakter
Land  Spania
Autonom region Andalucía
Provins Málaga
Grunnlagd 600-talet fvt.
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

395 km²
561.71 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

566 447
  1 434 /km²
824 842
1 091 228
Koordinatar 36°28′0″N 4°29′9″W / 36.46667°N 4.48583°W / 36.46667; -4.48583
Høgd over havet 11 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 29001-29018
Telefon-retningsnummer +34 95
Nettstad: www.ayto-malaga.es

Málaga dannar i lag med Rincón de la Victoria, Torremolinos, Benalmádena, Fuengirola og Alhaurín de la Torre eit byområde kalla Stor-Málaga med over 800 000 innbyggjarar. I storbyområde bur over ein million innbyggjarar, som er det femte største i Spania.

Det gamle historiske senteret i Málaga ligg ved hamna i sør, ved sida av elva Guadalhorce og er omgjeve av fjell i nord, Montes de Málaga (ein del av Baetic Cordillera).

Málaga er fødestaden til Pablo Picasso og den spanske militærleiaren Bernardo de Gálvez som var guvernør i Louisiana. Den heilage veka og Feria de Málaga er to kjende festivalar i Málaga.

Dei viktigaste næringane i Málaga er turisme, konstruksjon, jordbruk og teknologi.

Historie endre

Fønikarar frå Tyre grunnla byen her om lag 1000 fvt. Namnet Malaka kjem truleg frå det fønikiske ordet for «salt», sidan ein salta fisk nær hamna.

 
Hamna

Byen vart styrt av vestgotarar (bortsett frå Austromarriket mellom 552 og 620) etter kartagarane og Romarriket.

På 700-talet, då dei muslimske arabarane erobra det meste av Spania, vart byen eit viktig handelssenter. Málaga høyrde først til Kalifatet Córdoba. Etter at Umayyad-dynastiet fall, vart han hovudstad i eit eige kongedøme, som var underlagt Granada. I denne tida vart byen kalla Mālaqah (arabisk مالقة).

Den reisande Ibn Battuta, som kom gjennom byen i 1325, skildra han som «ein av dei største og vakraste byane i Andalucía som knytte saman nytten av både havet og landet og som var rik på mat og frukt.» Han lovpriste druene, fikenen og mandlane og moskeen i byen vart skildra som stor og vakker.[1].

Málaga var ein av dei iberiske byane der arabarane heldt ut lengst, sidan han var ein del av Emiratet Granada, medan resten av halvøya alt hadde vorte tapt for arabarane i reconquista, den spanske kampen om å drive dei muslimske arabarane ut av landet. Málaga vart erobra av kristne styrkar i 1487, fem år før Granada fall.

24. august 1704 fann slaget ved Vélez-Málaga stad i havet sør for Málaga. Det var det største sjøslaget i den spanske arvefølgjekrigen.

Málaga vart utsett for kraftige bombeåtak av nasjonalistar eller republikanarar, både frå fly og skip, under den spanske borgarkrigen i 1936. Den kjende britiske journalisten og forfattaren Arthur Koestler vart fanga av nasjonalistane då dei gjekk inn i Málaga. Dette danna grunnlaget for boka hans Spanish Testament.

I 1960-åra førte den kraftige auken i turisme på Costa del Sol til eit stort økonomisk oppsving i byen.

Turisme endre

 
Calle Larios er hovudgata i Málaga.

Málaga er ikkje ein turiststad om ein definerer det som ein stad med mange hotellsenger. Men mange turistar vitjar likevel byen sidan han ligg nær Costa del Sol. Mange av turistane som dreg til Málaga kjem hit for å vitje fødestaden til kunstnaren Pablo Picasso. Frå Málaga er det enkelt å kome seg til andre byar som Sevilla, Córdoba, Granada og Jaén med bil, båt eller tog.

Sport endre

Kjende personar frå Málaga endre

Venskapsbyar endre

Málaga har seks venskapsbyar:

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Málaga
  Reiseguide for Malaga frå Wikivoyage

Kjelder endre