Malayisk

austronesisk språk
(Omdirigert frå Malayisk språk)

Malayisk (Bahasa Melayu eller Bahasa Malaysia) er eit malayo-polynesisk språk. Malayisk er særs likt indonesisk, lokalt kjent som Bahasa Indonesia, det offisielle språket i Indonesia. Den offisielle standarden for malayisk, som Indonesia, Malaysia og Brunei har vorte samde om, er den varianten som blir snakka på Riau-øya rett sør for Singapore, som lenge har vore sett på som det malayiske språket sin årestad.

Malayisk
Bahasa Malaysia
Bahasa Melayu
Bahasa Malay
بهاس ملايو
Klassifisering Austronesiske språk
 Malayo-polynesisk
Talarar malayar
Bruk
Tala i  Malaysia
 Thailand
 Filippinane
 Singapore
 Indonesia
 Brunei
Malayisktalande i alt 200–300 millionar
Offisiell status
Offisielt språk i  Malaysia
 Brunei
 Singapore
Normert av Dewan Bahasa dan Pustaka i Malaysia og Brunei
Språkkodar
ISO 639-1 ms
ISO 639-3 msa


Kart over den malayisktalende verda.

Wikipedia på malayisk

Utbreiing

endre

Malayisk er brukt som morsmål av malayane i Malaysia, søre delar av Thailand, Filippinene, Singapore, sentrale austre Sumatra, Riau-øyane og delar av Borneos kyst. Det er offisielt språk i Malaysia, Brunei og Singapore. Det blir òg nytta som arbeidsspråk i Austtimor.

I Malaysia blir det òg nytta som lingua franca for andre folkegrupper, blant dei kinesarar og indarar.

Som morsmål og andrespråk blir malayisk tala av 200-300 millionar menneske.

Skrift

endre

Malayisk blir vanlegvis skrive med latinsk alfabet, men ein modifisert variant av det arabiske alfabetet, kalla jawi, finst òg.

Grammatikk

endre

Malayisk er eit agglutinerande språk, og nye ord kan formast på tre måtar.

Fleirtal blir ofte uttrykt ved hjelp av reduplikasjon, men berre i dei tilfella der det ikkje allereie kjem fram av konteksten.

Ordrekkefølgja er subjekt - verb - objekt. Adjektiv, demonstrativ og eigedomspronomen følgjer det substantivet dei skildrar.

Normering

endre

Dewan Bahasa dan Pustaka («Instituttet for språk og litteratur») er i dag ansvarleg for å koordinere bruken av malayisk språk i Malaysia og Brunei.