Maldiskusjon:Nyhende

Kva er nyhende? endre

Eg flytta meldinga om kva Jimmy Wales synest om Wikipedia til Wikipedia-nytt. Synest me bør halda oss til det som er viktig for det norske og verdssamfunnet i nyhendebolken. -- Ranveig 19. okt. 2005 kl. 17:14 (UTC)

100 % einig. -- Olve 19. okt. 2005 kl. 17:25 (UTC)

Vidare diskusjon er flytta til Samfunnshuset.

EU-grunnlova endre

Eg reagerer på at den einaste neitilhengaren som er nemnd i nyheita om det franske nei til EU-grunnlova, er den høgre-ekstreme rasisten Le Pen. Den største neikampanjen blei driven av venstresida (PCF, LCR, Attac, venstrefløya i PS), fleirtalet av neistemmer kom frå denne venstresida. Å nemne Le Pen, og ingen andre, blir insinuerande m.o.t. kva grunnlag det franske neiet har. Nemn fleire, eller dropp Le Pen!--Erling 31. mai 2005 kl. 1807 (UTC)

Antal punkt endre

Eg sletta eit par punkt mest av estetiske grunnar. Eg veit ikkje om me nokon gong har vedtatt at det skal vera fem punkt, men me kan godt ha det som ei rettesnor. Bjarte 7. nov. 2005 kl. 09:02 (UTC)

Greitt, men det gjer jo ingenting å ha færre heller. Me kunne til og med tidsavgrensa punkta. Aktivitet på hovudsida er det viktigaste, det er bra! -- Ranveig 7. nov. 2005 kl. 09:18 (UTC)

Wikinytt på nn-framsida? endre

Er det ein god idé å ha ei liste over "hovudsaker" frå Wikinytt på framsida (sjølvsagt i same formatet som no)? Eg ser føre meg at det kan føre til større utskifting og meir aktivitet på sida, og tek gjerne til med arbeidet med regelbunden oppdatering.

Spørsmålet er om det kanskje bryt med Wikipedia-ideologien, med tanke på samanblanding av skilde wiki-prosjekt (eg er for so vidt ikkje nokon stor fan av "What Wikipedia is not"), og om framsida på eit oppslagsverk kanskje burde halde seg til "store og offisielle" hendingar; som til dømes nye presidentar o.l.?

Personleg har eg tru på at regelbunden aktivitet på framsida er viktig for å skaffe fleire faste brukarar.
/ Kurtber|Ordskifte 26. januar 2006 kl. 15:53 (UTC)

Tillegg: Eg ser at normalen til no har vore å ha berre faktiske hendingar som kan setjast ein fast dato på. Ein sånn normal vil utelukke til dømes artikkelen Vil bruke mindre oljepengar enn handlingsregelen tilseier.
/ Kurtber|Ordskifte 26. januar 2006 kl. 16:00 (UTC)

Dette høyrest ut som noko som kan hjelpa både Wikinytt og Wikipedia, og det er eg sjølvsagt for! Det er aldri gjort noko vedtak om akkurat korleis nyhendebolken skal sjå ut, så det er bare å prøva seg fram. -- Ranveig 26. januar 2006 kl. 19:11 (UTC)

Her trengs ein designar :-) endre

Eg tykkjer ikkje framsida vart utprega mykje vakrare etter at eg byrja å herje med nyhende-malen... Konseptet er bra, men eg synes det må utformast på ein betre måte, men eg har altso ikkje nok estetisk sans til å finne ei god løysing på saka :-) Eg etterlet det i henda til alle som snart skal reagere på endringa! / Kurtber|Ordskifte 27. januar 2006 kl. 15:23 (UTC)

Endra Wikinytt-malen endre

Har endra wikinyttbolken på framsida litt; lagt til logo, skrive kort kva prosjektet går ut på og flikka på nyhendeoppføringane. Mens Wikinytt framleis er i startfasen og nye artiklar kjem ganske sjeldan, synest eg bolken kan stå nedanfor Visste du at. Elles blir fort førsteinntrykket av Nynorsk Wikipedia at oppslagsverket er lite oppdatert - og det stemmer jo ikkje. Ulempa er Wikinytt kanskje får noko mindre reklame når bolken er flytta ned, men eg håpar at logoen kan vega opp for dette. Andre meiningar? --Erlend 19:40, 29 august 2006 (UTC)

Tilbake til siden «Nyhende».