Mandal kommune

kommune i Vest-Agder

Mandal er ein tidlegare norsk kommune i Vest-Agder fylke. Han grensa mot Lindesnes i vest og nordvest, mot Marnardal i nord og mot Søgne i aust.

Mandal kommune
kommune
Mandal sentrum sett fra Hobdetoppen.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vest-Agder
Adm.senter Mandal
Areal 222 km²
 - land 212 km²
 - vatn 10 km²
Målform bokmål
Ordførar Alf Erik Andersen (Frp)
Kommunenr. 1002
Map
Mandal
58°1′0″ N 7°28′0″ E
NO 1002 Mandal.svg
Wikimedia Commons: Mandal
Nettstad: www.mandal.kommune.no

Mandal fekk som ladestad eige formannskap og kommunalt sjølvstyre i 1837. Kommunen fekk bystatus i 1921. I 1964 vart kommunen slegen saman med Halse og Harkmark og Holum kommunar til Mandal kommune. 1. januar 2020 vart kommunen del av nye Lindesnes kommune.

GeografiEndra

 
«Clemenzfranz», 2005)

Mandal sentrum er ein typisk sørlandsby med mange kvitmåla trehus. Mandalselva deler byen i to før ho renn ut i havet. Ho er rekna som ei av dei beste lakseelvene i Noreg, og ein finn igjen tre laks som motiv i byvåpenet.

Kommunen har mange flotte strender, der Sjøsanden er den best kjente. I tillegg har Mandal ein stor skjergard som er lagt til rette for båtturistar.

KulturEndra

Lokalavisa i Mandal heter Lindesnes. Dette er ei lokal tabloidavis.

Mandals fotballag heiter Mandalskameratene. I 2008 spelar dei i 2. divisjon, etter å ha rykt ned frå Adeccoligaen i 2007-sesongen.

I byen ligg ei gammal trekyrkje, bygd i empirestil.

IndustriEndra

Mandal har vore eit sentrum for utvikling og bygging av hurtigbåtar i Noreg frå tidleg på 1950-talet. Det var Toralf Westermoen som starta dette arbeidet. Sidan er det stadig blitt bygd og utvikla nye hurtigbåtkonsept i byen. For tida er Sjøforsvarets nye missiltorpedobåtar av Skjold-klassen under bygging i Mandal. Mandals Motorfabrikk ligg òg i Mandal.

Kjente mandalittarEndra

FestivalarEndra

Lag og organisasjonerEndra

BakgrunnsstoffEndra

Koordinatar: 58°1′38.7″N 7°27′12.3″E