Mandsju
(Omdirigert frå Mandsjuspråket)
Mandsju er eit utryddingstrua tungusisk språk som blir snakka i Nordaust-Kina. Mandsju er eit agglutinerande språk med avgrensa vokalharmoni. Språket stammar frå jurchen, men har stort ordforråd frå mongolsk og kinesisk.
Mandsju ᠮᠠᠨᠵᡠ ᡤᡳᠰᡠᠨ, manju gisun | ||
Klassifisering | Altaisk tungusisk sørtungusisk | |
Bruk | ||
Tala i | Folkerepublikken Kina | |
Område | Heilongjiang | |
Mandsjutalande i alt | 60[1] | |
Skriftsystem | Mandsju-skrift | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | mnc | |
ISO 639-3 | mnc |
Mandsju var språket til mandsjuar, mellom anna tidlege Qing-herskarar, men desse har gjennom fleire hundreår gått over til mandarin-kinesisk. Mens det i dag finst rundt 10 millionar etniske mandsjuar, finst det under 70 talarar av mandsju. Språket er gjensidig forståeleg med sibe frå nordvest i landet, som har fleire talarar.
Mandsju-skrift er avleidd frå det mongolske alfabetet og blir skrive loddrett.
Kjelder
endre- Denne artikkelen inneheld stoff frå «Manchu language» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mars 2011.
Litteratur
endre- Lucien Adam: Grammaire de la langue mandchoue, 1873
- Liliya M. Gorelova: Manchu Grammar. Brill Academic Publishers, 2002 ISBN 90-04-12307-5
- Erich Haenisch: Mandschu-Grammatik. Leipzig: Veb Verlag Enzyklopädie 1961
- Gertraude Roth Li: Manchu: A Textbook for Reading Documents. University of Hawai'i Press, Honolulu, 2000 ISBN 0-8248-2206-4
- Paul Georg von Möllendorff: A Manchu Grammar: With Analysed Texts. Shanghai, 1892. Wikisource kopi
- Jerry Norman: «Structure of Sibe Morphology», i Central Asian Journal, 1974.
- Jerry Norman: A Concise Manchu-English Lexicon, University of Washington Press, Seattle, 1978.
- S. Robert Ramsey: The Languages of China. Princeton University Press, Princeton New Jersey, 1987 ISBN 0-691-06694-9
- Jerzy Tulisow: Język mandżurski , coll. « Języki Azjii i Afryki » , Dialog, Warszawa, 192 p. ISBN 83-88238-53-1