Mannerheim
Mannerheim er eit slektsnamn brukt av ei finsk og ei svensk adelsslekt. Dei har begge opphav i den tyske industrimannen Henrik Marhein.
Baronane Mannerheim
endreSonen av Marhein, Augustin Marhein, blei adla i 1693 under namnet Mannerheim. Dei to sønene hans fekk tittel som baronar i 1768. Familien kom til Finland mot slutten av 1700-talet.
Grev Mannerheim
endreSonen til Johan Augustin Mannerheim, Carl Erik Mannerheim, var visepresident i det fisnke økonomidepartementet og guvernør for provinsane Åbo og Björneborg. Han blei gjeven tittelen greve i 1824. Denne tittelen går i arv til den eldste sonen i familien.
Kjende namneberarar
endre- Carl Gustaf Mannerheim, president av Finland
- Sophie Mannerheim, finsk sjukepleiepioner
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endreKjelder
endre