Opna hovudmenyen
Ein eldre manometer, skalert i bar.

Ein trykkmålar er eit instrument til å måla trykk (kraft/areal). SI-eininga for trykk er Pa, men mange trykkmålarar er framleis skalerte i bar. Med trykkmålar forstår ein vanlegvis eit instrument som måler statisk, eller sakte varierande, trykk. Ein differansialtrykkmålar måler skilnaden mellom to trykk. Ein mikrofon er ein trykkmålar som måler snøgge variasjonar i trykket, i høve til atmosfæretrykket.

ReferansetrykkEndra

Ved måling av absolutt trykk brukar ein absolutt vakuum som referanse, slik som i eit barometer. I staden for å nytta vakuum som referanse kan ein måla differansen frå eit referansetrykk. Eit vanleg referansetrykk er atmosfæretrykket. Om trykket ein måler ligg over referansetrykket vert det kalla overtrykk og om det ligg under referansetrykket vert det kalla undertrykk.

Differansetrykk er skilnaden mellom to trykkverdiar. Differansetrykk vert ofte nytta for å måla væskestraum og for nivåmåling.

MålemetodarEndra

VæskebarometerEndra

Eit barometer vert i meteorologien nytta til å måla trykket i atmosfæren med.

U-røyrsbarometerEndra

 
U-røyrbarometer.

Eit U-røyrsbarometer har eit vertikalt U-forma røyr fylt med ei væske, som til dømes kvikksølv. Den eine enden av røyret er ope mot eit referansetrykk og den andre enden er open mot gasstrykket som skal målast. Instrumentet måler differansen mellom det ukjente trykket og referansetrykket. Instrumentet vart funne opp av den italienske fysikaren Evangelista Torricelli[treng kjelde].

Membran-, kapsel og belgbarometerEndra

I desse instrumenta vert trykket mot ein fjørbelasta membran eller belg. Det finst fleire typar, som membranmanometer, belgmanometer og kapselmanometer (aneroidmanometer).

VakuummeterEndra

Eit vakuummeter er ein trykkmålar for måling av låge gasstrykk.


Sjå ògEndra

KjelderEndra

  • Bjørnar Larsen. Industriell måleteknikk for automatikarfaget. Noreg 1996: Vett & Viten AS. ISBN 82-412-0223-7