Mansa
- Sjå òg Mansa i Zambia
Mansa er eit mandinkaord som tyder kongane sin konge. Det er spesielt nytta om Keitadynastiet av Mali-riket som dominerte Vest-Afrika i det trettande og fjortande hundreåret. Mansane hadde rett til å dømme og monpolisere handel.
Sundiata Keita var den legendariske grunnleggaren av dynastiet og den første til å nytte tittelen. Andre viktige mansar var sonen hans Wali Keita, og den mektige Kankan Musa I. Mansa Musa sin kjente hadj definerte ei ny retning for dynastiet. Regentrekka er i hovudsak kjent gjennom den tunisiske historikaren ibn Khaldun sitt verk Berberane si historie
Ufullstendig liste over mansane av Mali
endre- Sundiata Keita (1240-1255)
- Wali Keita (1255-1270)
- Ouati Keita (1270-1274)
- Khalifa Keita (1274-1275)
- Abu Bakr (1275-1285)
- Sakura (1285-1300)
- Gao (1300-1305)
- Mohammed ibn Gao (1305-1310)
- Abubakari II (1310-1312)
- Kankan Musa I (1312-1337)
- Maghan (1337-1341)
- Suleyman (1341-1360)
- Kassa (1360)
- Mari Diata II (1360-1374)
- Musa II (1374-1387)
- Magha II (1387-1389)
- Sandaki (1389-1390)
- Mahmud (1390-1400)