Marakas
Maracas eller marakas er eit opphavleg latinamerikansk rytmeinstrument laga av ein kalebass eller liknande med eit handtak.[1] Kula er fylt med små bitar som gjev lyd når ein ristar instrumenet.[1] Maracas blir ofte brukt parvis.[1]
Marakas | |||
| |||
Klassifisering | musikkinstrument | ||
---|---|---|---|
Hornbostel-Sachs klassifisering | 112.1 (Rista idiofonar eller rangler) | ||
Døme | |||
Musikarar |
Maracas var opphavleg laga av amerikanske urfolk, som laga rangleinstrument med handtak av tørka kalebassar frå Crescentia-plantar.[2] Maracas er seinare blitt laga av tre eller lêr, og i nyare tid også av plastikk og kunstfiber.[3] Maracas kan vera fylt med bønner, frø, hagl, perler eller liknande. Blyhagl gjev ein sterkare lyd.[4]
Det portugisiske ordet maracá kjem frå tupiordet maráka. Dette var eit rytmeinstrument som i tillegg til den vanlege maracasutforminga også kunne vera pynta med halefjører frå fuglar som araer.[2] Instrumenta kunne brukast ved seremoniar og dans.[5] Dei kunne til dømes vera ein del av rituale for å lækja sjuke.[6]
Instrumentet er utbreidd i latinamerikansk musikk og har også vore mykje brukt i moderne populærmusikk.[1] Maracas blei også brukt ein del i kunstmusikk på 1900-talet av komponistar som Edgar Varèse, Sergej Prokofiev, Leonard Bernstein, Malcolm Arnold og John McCabe.[4]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Maracas» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 11. februar 2015.
- ↑ 2,0 2,1 Julian H. Steward, red. (1948), Handbook of South American Indians 3, U.S. Government Printing Office, s. 43, 129, 238
- ↑ «Maracas», How Products Are Made, henta 8. juli 2016
- ↑ 4,0 4,1 Kennedy, Michael; Kennedy, Joyce Bourne (2012), «maraca», i Rutherford-Johnson, Tim, The Oxford Dictionary of Music, Oxford University Press
- ↑ Robert Southey (1810), History of Brazil 1, Longman & Hurst, s. 187–188, 635
- ↑ Federico Kauffmann Doig (2005), «SOUTH AMERICAN INDIANS: INDIANS OF THE ANDES IN THE PRE-INCA PERIOD», i Lindsay Jones, Encyclopedia of Religion 13 (2nd utg.), Gale, s. 8599–8605, ISBN 0-02-865982-1