Marco Büchel
Marco Büchel (fødd 4. november 1971) er ein liechtensteinsk tidlegare skirennar, fødd i Walenstadt i Sveits. Han vann sølvmedaljen i storslalåm under VM i alpine greiner 1999, og steig til topps etter fire renn i verdscupen i alpine greiner.
Marco Büchel | |
![]() | |
Fødd | 4. november 1971 (49 år) Walenstadt |
Yrke | alpinist |
Marco Büchel på Commons |
AktivEndra
Büchel debuterte i verdenscupen 3. desember 1994. Fyrst fire år seinare, 27 år gammal, tok han steget på pallen etter eit verdscuprenn. Høgdepunktet oppnådde han seinare i same sesongen då han var nær ved å verte verdsmeister i storslalåm under verdsmeisterskapen i Vail. Han overraska stort då hamna fattige fem hundredels sekund bakom norske Lasse Kjus og tok sølvmedaljen, med stor margin til tredjemann.
I verdscupen vann Büchel fire renn i tida frå februar 2003 til januar 2008. Den fyrste og den siste sigeren kom i super-G-løypa, dei to mellomliggjande i utforrenn. Ved super-G-triumfen i Kitzbühel den 18. januar 2008 vart han den aller eldste vinnaren av eit verdscuprenn i alpint, då var han 36 år og 75 dagar gammal. I alt stod han på pallen etter 18 renn i verdscupen.
Büchel la opp etter OL-sesongen 2010.
KjelderEndra
- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Marco Büchel (Skirennläufer)» frå Wikipedia på tysk, den 30. januar 2015.