Margaret av Skottland

Margaret (ca. 104516. november 1093) var dronning av Skottland frå ca. 1070 til ho døydde. Ho var gift med Malcolm III, og saman grunnla dei Huset Dunkeld.

Margaret av Skottland

Føddca. 1045
Baranya, Ungarn
Død16. november 1093
Edinburgh
Alle titlarknjaz, Dronning
Hus eller slektHuset Wessex
GravstadDunfermline Abbey
LandKongeriket England, Kongeriket Skottland
MorAgatha, Edvard den landflyktiges hustru
FarEdvard den landflyktige
EktefelleMalcolm III av Skottland
BarnMary av Skottland, Edmund av Skottland, Ethelred av Scotland, Edgar av Skottland, Aleksander I av Skottland, Edith av Skottland, David I av Skottland, Edward of Scotland

Tidleg liv endre

Margaret var truleg fødd i Reska ved Nádasd i Ungarn, og var den yngste av fire barn. Mora var den tyske prinsessa Agatha av Bulgaria, og truleg ein slektning av den tysken-romerske keisaren Henrik III eller ei dotter av Jaroslav I av Kiev. Faren var den engelske prinsen Edvard den landflyktige, bror av Edvard vedkjennaren og son av Edmund II av England. Edvard søkte tilflukt hjå Stefan av Ungarn etter at danane tok kontroll over Wessex. Margaret voks opp ved det ungarske hoffet, der ho fekk ei god utdanning.

I 1057 kalla Edvard vedkjennaren far til Margaret tilbake til England, i von om å gjera han til arving, og heile familien reiste. Allereie same år døydde Edward, men familien fekk bu ved hoffet til kongen. I januar 1066 døydde Edvard vedkjennaren, og seinare same året invaderte normannarane landet. Som eit av dei siste gjenverande medlemmane av den angelsaksiske kongefamilien var Margaret i fare, og familien flykta.

Dronning endre

Tradisjonen fortel at familien planla å dra til Ungarn, men skipet kom ut av kurs og dreiv i land i Skottland, på staden som i dag heiter St. Margaret's Hope. Der blei familien teken imot av Malcolm III Canmore. Ein annan versjon er at Edgar Aetheling etter eit mislukka opprør i 1068 flykta med familien til Skottland.

Den første kona til Malcolm, Ingebjørg Finnsdotter, døydde før 1070, kanskje allereie i 1066. Kongen fall for den vene og intelligente Margaret, og fridde til henne. Dei gifta seg i 1069 eller 1070 i Dunfermline Castle, og i 1070 blei ho krona som dronning av Skottland.

Paret fekk åtte barn:

Gjennom hennar innverknad skal Malcolm ha blitt endra frå å vera grov og brutal til å vera ein av dei mest rettskafne kongane av Skottland. Han lærte aldri å lesa, men likte svært godt å sjå i dei illuminerte manuskripta til kona. Ei av bøkene hennar, ei evangeliebok i lommeformat, er no ved Bodleian Library i Oxford, medan nokon andre verna bøker kanskje er hennes. Hittil hadde ein snakka gælisk ved det skotske hoffet; Margaret fekk dette erstatta med engelsk. Ho arbeidde òg aktivt for å få slutt på messeliturgi som hadde utvikla seg lokalt, og uteværet av nattverden – nokre keltiske munkar hadde nemleg teke til seg Paulus sine ord om å ta imot nattverden på urett vis i slik grad at dei heilt hadde slutta å ta imot han.[1]

Ho gjorde mykje for å spreia den katolske forma for kristendom i Skottland, der den keltiske kyrkja framleis dominerte. Saman med Malcolm grunnla ho Dunfermline Abbey i 1072, og dette tok over for Iona som gravstad for kongar av Skottland. Ho fekk òg vekt liv i klosteret på Iona, som hadde byrja å forfalla. Margaret var fascinert av eremittane i den keltiske kyrkja, og vitja nokre av dei i cellene deira. Elles gjorde ho det ho kunne for å fjerna dei siste ulikskapane mellom keltisk kristendom og den katolske læra.

Heile tre av sønene hennar blei kongar av Skottland: Edgar, Aleksander I og David I. Dottera Edith gifta seg med Henrik I av England og blei krona som Matilda av England, kjent som Good Queen Maudi. Ho blei stammor til det noverande britiske kongehuset, som gjennom henne kan visa til røter til dei angelsaksiske kongane.

Margaret levde eit asketisk liv, og unnte seg sjølv lite mat og søvn. I 1092 blei ho alvorleg sjuk, og ein meiner at utmatting kan ha bidrege til dette. Ho døydde 16. november 1093, fire dagar etter at ho hadde fått vita at mannen og sonen deira Edward hadde falle i eit bakhald. Ho blei gravlagd saman med Malcolm i Dunfermline Abbey.

Helgen endre

Matilda sørgde for at det blei skrive ein biografi om Margaret. Det var truleg Turgot av Durham som skreiv han; han hadde vore ein av fangane tekne av Vilhelm erobraren fangar og hadde flykta til Noreg, der han underviste i kyrkjemusikk ved hoffet. Vita Margaretae Scotiae reginae blei skrive mellom 1104 og 1108.

Kort tid etter at ho døydde byrja skottane å æra henne som helgen, og det skal ha skjedd fleire mirakel ved grava hennar. I 1250 blei ho heilagkåra av pave Innocens IV, og 19. juni same året blei leivningane hennar skrinlagde. I 1560 blei klosteret plyndra under reformasjonen, men beina etter Margaret og Malcolm blei redda og frakta til Escorial utanfor Madrid, der dei blei lagde i eit kapell som var innretta for føremålet. Hovudet hennar blei teke til Edinburgh, der det ei tid tilhøyrde Maria Stuart. Seinare kom det til Antwerpen, og så til jesuittane i Douai.

I 1673 utnemnde Klemens X henne til skotsk nasjonalhelgen, nest etter apostelen Andreas. I 1693 blei festen hennar gjort universell, i ein periode der dei siste skotske Stuartane budde i Roma. Ho er den einaste skotske helgenen som har fått denne æra.

Minnedagen hennar er 16. november, og ho har ein translasjonsfest 19. juni. Sistnemnde fest har òg blitt feira 10. juni på grunn av ein feil kyrkjehistorikaren kardinal Cesare Baronius gjorde då han skreiv henne inn i Martyrologium Romanum.

Referansar endre

  1. Ted Olsen: Kristendommen og kelterne (s.170), forlaget Luther, Oslo 2008, ISBN 978-82-531-4564-8