Margrethe Munthe

norsk skribent og poet

Margrethe Aabel Munthe (27. mai 186020. januar 1931) var ein norsk visediktar, forfattar og lærar. Ho er særleg kjend for barnesongar som går godt til stødig peikefingerristing, som «Men hva er dette for sure miner? Nei, jammen tror jeg du går og griner! Du vet da, når du er sint og lei, så kan ingen bli glad i deg!», men ho står òg bak gladare bodskapar som dei i «På låven sitter nissen», «Å jeg vet en sæter» og «Hurra for deg som fyller ditt år!». I tillegg til visene skreiv ho to barnekomediar og ein eventyrkomedie.

Margrethe Munthe

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. mai 1860
Elverum
Død

20. januar 1931 (70 år)
Oslo

Yrke lyrikar, skribent, låtskrivar, barnebokforfattar
Margrethe Munthe på Commons

Liv endre

Margrethe Munthe vart fødd 27. mai 1860[1] i Elverum. Far hennar, Christopher Pavels Munthe, var distriktslækjar i Søndre Østerdalen. Han og kona, Christine Margrethe Pavels Aabel Munthe, fekk etter kvart ein ungeskokk på 14. Ein av dei eldre i syskjenflokken var biletkunstnaren Gerhard Munthe.

Margrethe Munthe voks opp på Elverum og flytte til Oslo (Kristiania) då ho skulle få seg utdanning og der gjekk ho på Nissens pikeskole. Etter det gjekk ho lærarskule. Frå 1888 til 1920 arbeidde ho som lærar på barneskular i Oslo, på skulane Vaterland, Bolteløkka og Lilleborg. Etter at ho gjekk av med pensjon i 1920 budde ho fleire år i Italia. Ho døydde 20. januar 1931.

Utgjevingar endre

Den fyrste barnesongsamlinga til Munthe, Kom skal vi synge kom i 1905. Til då var det svært lite av norske barnesongar, det som fanst var nesten alt omsett frå andre språk, og i tillegg helst gledeslaust, så songane hennar vart vel mottekne og flittig songne. I åra som kom gav ho ut to til bind av Kom skal vi synge og i 1911 kom Saa leker vi litt! Sang- og gymnastikleker og i 1916 Nå synger vi om dyra våre. I tillegg vart fleire songar publiserte separat. Ho prøvde seg også med dramatikk, i 1912 kom Aase fiskerpike : eventyrkomedie med sange til norske folkemelodier, i 1918 kom Askepot og Den nysgjerrige kone : barnekomedier (illustrert av Per Aabel, som var i fjern slekt med henne), og i 1923 kom Prinsessen og det halve rike : barnekomedie, men det er songane hennar som har vorte ståande.

Fotnotar endre