Margunn Haugenes

norsk fotballspelar

Margunn Humlestøl Haugenes (fødd 25. januar 1970 i Eikefjord i Flora) er ein tidlegare fotballspelar og seinare -trenar. Ho vart olympiameister med Noreg under sommar-OL 2000. Som klubbspelar vann ho serietriumfar i fotball med Asker Skiklubb og cupgull med IL Sandviken. Haugenes er i 2013 trenar for fotballklubben Amazon i Grimstad.

Margunn Haugenes
Fødd 25. januar 1970 (51 år)
Florø
Yrke fotballspelar

KarriereEndra

AktivEndra

Humlestøl gjekk idrettsfag ved Firda vidaregåande skule på Sandane. Etter det fyrste skuleåret braut ho av og flytta til Kaupanger for å spele på det beste kvinnelege fotballaget i Sogn og Fjordane; Kaupanger Idrettslag. Ho debuterte på landslaget i 1990 mot Finland. Same året melde ho overgang frå Kaupanger til Asker.

I sitt andre år i Asker vann klubben seriegullet, og laget kopierte prestasjonen sesongen etter. Etter ein noko dårlegare sesong i 1993 skifta ho klubb midtvegs i 1994-sesongen. Humlestøl spela så for Sandviken i ein halv og heil sesong, og opplevde å verte cupmeister med Sandviken. I 1996 bytta ho til Bjørnar, ein klubb som då låg på nivå to i norsk fotball. Klubben rykte opp i 1997, men før den tid hadde ho gifta seg og bytta namn til Haugenes. Ho bidrog til å gjere Bjørnar til eit lag som som stabiliserte seg i toppserien.

Humlestøl meisterskapsdebuterte for Noreg med EM og seinare VM 1991, og vann sølv i begge meisterskapane. Hennar neste meisterskap var EM i 1997. I 1999-sesongen gjekk ho gravid og spela ikkje. Ho fekk så plass i OL-troppen 2000. Haugenes spela ikkje de to første kampane i olympiaden, men skåra det avgjerande målet i sin fyrste og Noregs tredje kamp i turneringa, då Noreg møtte Kina i gruppespelet. Haugenes spela dei to siste kampane i meisterskapen og var på bana då Noreg vann OL-finalen mot USA. Ho vart dermed den fyrste frå Sogn og Fjordane som vart olympisk meister.

Etter OL-gullet flytta Haugenes til England og var profesjonell fotballspelar for Fulham. Ektemaken Gaute Haugenes var trenar for laget, mesteparten av den tida ho var i Fulham. Klubben rykte opp i toppdivisjonen og vann den engelske cupen.

Frå 2003 spela Haugenes for Amazon Grimstad, klubben rykte opp til toppserien året etter. I 2006 tok ho over som spelande trenar, ei rolle ho hadde til dess ho la opp både som spelar og Amazon-trenar etter 2007-sesongen. Ho kom tilbake som trenar i 2009.

MerittarEndra

  • Olympisk meister 2000 for Noreg
  • Seriemeister 1991 og 1992 med Asker Skikubb
  • Cupmeister 1995 med IL Sandviken

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar