Mari El

(Omdirigert frå Mari-El)

Mari El[a] er ein republikk i Russland, eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen, og heimlandet til det mariske folket. Mari El ligg midt i den europeiske delen av Russland. Hovudstaden er Josjkar-Ola (namnet tyder «Raudbyen»), ein by ved Volga med om lag ein kvart million innbyggjarar.

Mari El
Марий Эл
republikk
Flagg
Symbol
Land  Russland
Region Volga-Vjatka
Del av Europeisk Russland, Den volgiske føderasjonskrets
Hovudstad Josjkar-Ola
Areal 23 200 km²
Folketal 669 854 (2024)
Språk russisk, austmarisk
Bilnummer 12
Kart
Mari El
56°42′00″N 47°52′00″E / 56.7°N 47.866666666667°E / 56.7; 47.866666666667
Kart over Mari El.
Kart over Mari El.
Kart over Mari El.
Wikimedia Commons: Mari El

Politikk

endre
 
Malaja Koksjaga-elva i Josjkar-Ola.

Regjeringssjefen i Mari El er presidenten, som frå og med september 2022 har vore Jurij Zajtsev.

Økonomi

endre

Næringsliv

endre

Dei mest utvikla industrigreinene er maskin- og metallindustri, treforedling of næringsmiddelindustri. Mesteparten av industrien ligg i hovudstad Josjkar-Ola, eller i byane Kozmodemjansk, Volzjsk, og Zvenigovo

Reiseliv og turisme

endre

Mange turistar kjem til Mari El frå Tsjuvasjia og Tatarstan for å ri, for å plukke sopp eller for å bade på sandstrendene langs Volga. Det kjem også ein del turistar frå Finland og Ungarn som er interessert i å vitje brødrefolket i aust.

Russarane er i knapt fleirtal i Mari El, dei bur framforalt i byane og i den vestlege delen av republikken, elles bur det mariar, mest på landsbygda, men også i byane. I dei største byane bur det òg mange tsjuvasjar, tatarar, mordvinarar og ukrainarar. I dei austlege områda, mot Tatarstan, bur det ein del tatarar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]

Geografi

endre
 
Det mariske nasjonalteateret i Josjkar-Ola.

Mari El ligg aust på den austeuropeiske sletta, ved dei midtre delane av elveløpet til Volga, som renn gjennom den sørvestlege delen av republikken. Sideelva Vetluga renn ut i Volga her. Dei vestlege delane er hovudsakleg flatt lågland. I aust hevar åsane i Vjatskij Uval seg til 275 meter over havet.

Den største byen er Josjkar-Ola (248 800 ibuarar), og den nest største byen er Volzjsk (55 700).[1]

Utdanning

endre

Sentrale utdanningsinstitusjonar er det Mari El statlege tekniske universitet, Mari statlege universitet, og Mari pedagogiske institutt, alle ligg i Josjkar-Ola.

Religion

endre

Dei fleste i republikken er russisk-ortodokse, i den austre delen av republikken er det også ein del muslimar, og ein god del som trur på den tradisjonelle mariske religionen, ei retning som har vorte kalla reformert heidenskap, førkristen religion med visse ytre trekk lånt frå kristendommen.

Historie

endre

Dei første folka som er kjent i dette området var finsk-ugriske folkeslag, som busette seg her i førhistorisk tid. Tsjeremissar, eit gamalt namn på mariane, er nemnde i khazarske skrifter frå 900-talet. På midten av 1200-talet vart området erobra av mongolane, etter som det mongolske verdsriket vart delt opp vart det del av Kazan-khanatet.

På 1550-talet vart dette erobra av Russland, og russisk kolonisering av området tok til. I 1583 vart byen Kozmodemjansk grunnlagd, og året etter Tsarevokoksjajsk (dagens Josjkar-Ola). Frå 1700-talet kom dei første skriftene på marisk språk med det kyrilliske alfabetet, og i 1775 kom den første mariske grammatikken ut. Det same året fekk det store opprøret til Jemeljan Pugatsjov stor støtte i Mari El.

Under den russiske revolusjonen kom området under kontroll av bolsjevikane i desember 1917. Somaren 1918 kom det til ei bylgje av kontrarevolusjonære opprør, men alle vart slått ned av den raude arméen.

Den 4. november 1920 vart Den mariske autonome oblasten oppretta. 5. desember 1936 fekk denne status som autonom sovjetrepublikk innanfor Den russiske føderasjonen. Etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 skifta republikken namn til Mari El, og vart eit føderasjonssubjekt i Den russiske føderasjonen.

Merknader

endre
  1. russisk Республика Марий Эл, austmarisk Марий Эл Республика

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Mari El