Maria Annette Tanderø Berglyd

norsk skodespelar

Maria Annette Tanderø Berglyd (fødd 30. november 1999) er ein norsk skodespelar.

Maria Annette Tanderø Berglyd

Fødd30. november 1999 (24 år)
Verka somskodespelar

Barndom og ungdomsår endre

Maria Annette Tanderø vart fødd i Oslo 30. november 1999. Ho er oppvaksen på Kampen i Oslo og var aktiv i Kampen barneteater.[1] Barne og ungdomsteater har vore ein viktig og stor del av oppveksten hennar.

I 2010 deltok Kampen barneteater på Rampelysfestivalen på Black Box. Rampelysfestivalen det største barne- og ungdomsfestivalen i Noreg.[2] Kampen barneteater spelte i det høvet førestillinga Den triste kongen skriven av Ingunn Andreassen.[3] I publikum var blant anna kronprins Haakon og borna hans.[4]

Karriere endre

Den første rolla hennar på fjernsyn var som blånisse i 2008 på innspelinga til Julenatt i Blåfjell.[5] Tidlegare hadde ho spelt i reklamefilm og barneteater. Den første profesjonelle skodespelarjobben hennar var i 2005 i ein reklamefilm for Nugatti Max. Ho har røynsle frå skulerevy og opptredde på den årlege Revykavalkaden på Chateau Neuf i 2016 med ein parodiversjon av songen «Tomorrow» frå (Annie).[6]

Ho fekk den første store rolla si i 2010, då ho spelte Anne i Jørgen + Anne = sant regissert av Anne Sewitsky. I 2012 vart ho nominert til Kanonprisen (Trondheim Internasjonale Filmfestival) for beste kvinnelege hovudrolle for rolla si i same film.[7] I 2013 hadde spelefilmen Gåten Ragnarok premiere, der ho spelte tenåringsdottera Ragnhild saman med Pål Sverre Valheim Hagen. I 2014 var dei begge med på innspelinga til den nederlandske filmen Beyond Sleep (2016), der dei norske skodespelarane Anders Baasmo Christiansen og Thorbjørn Harr òg stod på rollelista.[8]

Ho spelte Ulla Østgaard i NRK-serien Atlantic Crossing saman med Tobias Santelmann og Sofia Helin. Serien gjekk på NRK hausten 2020.

I seinare tid vart ho ein del av K1 Film og teater frå ca. 2017 og til gruppa vart avslutta i 2019 grunna nye budsjetteringar.[9] Gruppa vart leidd av Gerd Brox og Irena Prskalo. Ungdomsgruppa deltok med Hyener på DUS i 2017.[10] På eiga scene på Aktivitetshuset K1 spelte dei førestillinga Greven Pompidillipromp og Prinsesse Asian Glow ny dramatikk skriven av Gerd Brox. Førestillinga var open for alle borna som budde på Tøyen og områda rundt å koma å sjå på.

I nyare tid er ho å sjå på VegaScene med oppsetjingar i regi av Vega Ung Teater.[11] På haustpartiet av 2020 spelte dei Rolf Kristian Larsens Eggs'n'bakey, med musikk basert på songane til Sondre Justad.

I tillegg til å jobba som skodespelar har kortfilmane hennar motteke diverse nominasjonar. I am a little anxious today (2020) vart nominert til Amandusfestivalen i kategorien Amandus UNG og Tenkte på noko (2019) vart nominert til Grønnskjerm i september 2019.[12][13]

 
Maria Annette T. Berglyd på Hamburg filmfestival i 2011.

Ho har skrive sceneteksta Hvordan hjelpe Diana, som vart nominert til DUS sin scenetekst-konkurranse og ho vart 1 av 6 finalistar.

Filmografi og TV endre

Namn År Filmrolle Merknader
Jørgen+Anne=Sant 2011 Anne
Gåten Ragnarok 2013 Ragnhild
Beyond Sleep 2016 Inger-Marie Nederlandsk
Atlantic Crossing 2020 Ulla Østgaard TV-serie

Prisar og nominasjonar endre

År Pristittel Kategori Film
2012 Kanonprisen 2011, Kosmorama Beste kvinnelege hovudrolle[14] Jørgen + Anne = sant

Kjelder endre

  1. «Kampen Historielag » Kampen Barneteater og Onsumslaget» (på norsk). Henta 23. oktober 2020. 
  2. «Rampelysfestivalen | Oslo teatersenter». Henta 8. juli 2021. 
  3. «Dramateket - Den triste kongen». Henta 8. juli 2021. 
  4. «Rampelysfestivalen» (på norsk). Henta 8. juli 2021. 
  5. «Maria Annette Tanderø Berglyd». Henta 23. oktober 2020. 
  6. Aftenposten
  7. SINGSAAS, FRODE (19. mars 2012). «Nominasjonsdryss til «Hodejegerne»» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 26. oktober 2020. Henta 23. oktober 2020. 
  8. Aschat, Reinout Scholten van (11. februar 2016). «Beyond Sleep». FilmCamp, KeyFilm, Nordisk Film. Henta 23. oktober 2020. 
  9. «Log into Facebook» (på engelsk). Henta 8. juli 2021. 
  10. «Hyener på Dramatikkens hus, 26.03.2017» (på engelsk). Henta 8. juli 2021. 
  11. «Log into Facebook» (på engelsk). Henta 8. juli 2021. 
  12. «I'm a little anxious today» (på engelsk). Henta 23. oktober 2020. 
  13. «Grønnskjerm» (på norsk bokmål). Henta 23. oktober 2020. 
  14. «Kosmorama, Trondheim Internasjonale Filmfestival (2012)». Henta 24. oktober 2020. 

Bakgrunnsstoff endre