Maria Parr

norsk skribent

Maria Parr (fødd 18. januar 1981) er ein barnebokforfattar frå Fiskå i Vanylven.

Maria Parr
Maria Parr 2019.jpg
Fødd 18. januar 1981 (42 år)
Vanylven
Yrke barnebokforfattar, lektor, skribent
Språk norsk
Maria Parr på Commons
Maria Parr signerer bøker ho har skrive i lag med nokre vaffelhjarte

Maria Parr har mastergrad i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen, og studerer no ved Høgskulen i Volda

Parr debuterte i 2005 med den kritikarroste barneboka Vaffelhjarte, som vart nominert til Brageprisen og fekk Nynorsk barnelitteraturpris og den nederlandske barnebokprisen Zilveren Griffel. Boka er omsett til fleire språk. I 2009 gav ho ut boka Tonje Glimmerdal som var selt til fem land før ho kom på norsk, og som ho fekk Brageprisen for i 2009. Brageprisen fekk ho og i 2017 for Keeperen og havet. I 2011 vart Vaffelhjarte filmatisert for NRK.

BøkerEndra

  • Vaffelhjarte, barnebok, 2005
  • Tonje Glimmerdal, barnebok, 2009
  • Keeperen og havet, barnebok, 2017

PrisarEndra

ReferansarEndra

  1. ««Det Norske Samlaget Årsmelding og reknskap 2010»». Det Norske Samlaget. 14. april 2011. 
  2. Vanylven kommune, arkivert frå originalen 2012-03-09, henta 17. november 2011 
  3. ««Sigmund Skard-stipendet 2013 til Maria Parr»». Det Norske Samlaget. 14. august 2013. Henta 20. august 2013. 

BakgrunnsstoffEndra