Maria Gaetana Agnesi

italiensk matematikar og filantrop
(Omdirigert frå Marie Agnesi)

Maria Gaetana Agnesi (16. mai 17189. januar 1799) var ein italiensk matematikar og filosof.

Maria Gaetana Agnesi

Fødd16. mai 1718
Milano
Død9. januar 1799
Milano
Områdekalkulus, matematisk analyse, kjeglesnitt, algebra, utdannelsessystem, teologi, filosofi, matematikk
Yrkefilosof, matematikar, velgjerar, teolog, pedagog
InstitusjonarUniversitetet i Bologna
Alma materHjemmeundervisning

Ho fekk først undervisning av far sin. Den første boka hennar i filosofien, Propositiones philosophicae, kom ut då ho var 20 år gammal. Den mest kjende boka hennar er det matematiske oversiktsverket hennar Instituzioni analitiche (1748) som vart omsett til fransk og engelsk. Ho fekk tilbodet om eit professorat ved universitetet i Bologna, men avslo og gjekk seinare inn i ein nonneorden.

Ho er kjend for ei kurve som vert kalla Agnesis heks. På italiensk heiter denne kurva la versiera di Agnesi som tyder «kurva til Agnesi». Frå tidleg av vart dette lese av professoren John Colson som «l'avversiera di Agnesi», der «avversiera» tyder «kvinne som set seg i mot Gud», som då vart identifisert som «heks», og feilomsetjinga vart hengande ved.

Kjelder endre

«Maria_Gaetana_Agnesi» i Store norske leksikon, snl.no.