Rusmiddelet cannabis

(Omdirigert frå Marihuana)

Cannabis er eitt av dei mest brukte rusmidla i verda, og har stor utbreiing som tradisjonelt lækjemiddel. Som rusmiddel er det berre koffein, alkohol og nikotin som er meir brukt. Nemninga vert nytta om rusmiddel som vert framstilte av hamp, på latin Cannabis sativa. Dei vanlegaste formene av cannabis er hasjisj og marihuana. Det finst òg cannabisolje. Ordet cannabis kjem gjennom latin frå gresk kannabishamp.

Hamp-plante.

Planta har gjennom lange tider vore nytta til tau, klede og andre føremål. Slekta Cannabis er truleg berre ein art, med fleire identifiserte varietetar.

Preparat endre

 
Lovleg utsal for hasjisj og ganja i Katmandu i Nepal i 1973.

Hasj eller hasjisj er eit sekret frå hamp-planta. Hamp skil i høgfjellsstrok (over ca 1000 meter) ut ei seig væske som kan samlast inn. Denne væska vert kalla charas i Sørasia, hashish i Arabia, esrar i Tyrkia og andre stader andre ting.

Hasjisj vert produsert i mange land over heile verda, men den hasjen som vert omsett i Noreg i dag, kjem i fyrste rekkje frå Marokko. På 1960- og 70-talet kom brorparten av kvalitetshasjen frå Midtausten (Libanon, Syria og Tyrkia) og Sør- og Sentralasia (Afghanistan, Nepal, India og Pakistan). Før andre verdskrigen var Hellas eit viktig eksportland for hasjisj.

I Midtøsten vert hasjisj framstilt ved at plantene vert gnidde over sikter med ulike nettingar. Dette gjev ulike kvalitetar på hasjen. I Sentral- og Sørasia går produksjonen tradisjonelt føre seg ved samling av plantesekretet, ofte for hand. Dette gjev mørkare og meir oljeaktige kvalitetar.

 
Ein tørr og lys hasjtype, truleg frå Marokko

Hasjisj vert laga som samanpressa plater, kuler eller kaker som seinare vert brotne opp for vidare sal. Hasjisj har vanlegvis ein konsentrasjon av THC på rundt 7 %.[1]

Marihuana (marijuana på spansk og engelsk) er tørka blad, toppskot og blomar, i fyrste rekkje frå hoplanta. Marihuana vert ofte kalla «pot». Kvaliteten vert best på hoplantene, og dersom ein unngår fræving ved å fjerna hannplantene før pollensesongen, får ein ein kvalitet som vert kalla sinsemilla (spansk: utan frø). Marihuana som vert omsett i Noreg kjem frå mange delar av verda, mellom anna Vest-Afrika, Søraust-Asia og Latin-Amerika. Mykje vert dessutan dyrka innandørs i Europa, også i Noreg.

Kif er det tradisjonelle cannabispreparatet i Marokko, og er laga av finhakka blometoppar som vert røyka i små langskafta piper. Fram til 1954 vart kif i den franskokkuperte delen av Marokko seld gjennom det franske statlege tobakksselskapet Regie des Tabacs, som også hadde einerett på dyrking.

Ganja er den indiske nemninga på cannabis av høy kvalitet, i fyrste rekkje toppskot og blometoppar. Nemninga er i vanleg bruk i Jamaica-engelsk og i Australia. Ordet gañjA kjem frå sanskrit og tyder 'hamp'.

Verknad endre

Hovudverknadsstoffa i cannabis er delta-9-Tetrahydrocannabinol (THC) og Cannabidiol (CBD). THC/CBD utgjer saman ein ikkje-vassløyseleg substans. Ved romtemperatur har denne ein klissete, oljeaktig struktur, ved 30 grader går han over til flytande form og han fordampar ved 155-190 grader.

Dei vanlegaste måtane å ta cannabis på er ved å røykja eller eta han. I India vert det servert cannabishaldig bhang-te. Den raskaste effekten oppnår ein gjennom å røykja han. Til røyking kan ein nytta bong eller andre slags piper, ein «joint» (sigarett av cannabis blanda med tobakk) eller andre metodar. Ved fordøying tek det ein lenger periode mellom inntak og til rusen kjem, men rusen varar til lenger.

Bruk endre

På oppdrag frå Dagsavisen utførte Visendi ei undersøking i 2003. Dei kom fram til at over ein million nordmenn har prøvd cannabis. Statens Institutt for Rusmiddelforskning stadfesta at dette stemmer med deira tal.[2]

Prosent av ungdom i alderen 15-20 år som oppgjev at dei nokon gong har brukt cannabis
1976-2005 Ungdom i Noreg Ungdom i Oslo
1976 - 16,5
1986 7,8 16,5
1996 12,3 23,7
1997 13,4 25,7
1998 18,0 24,7
1999 17,8 27,0
2000 18,8 28,6
2001 16,9 27,9
2002 14,8 27,1
2003 17,0 25,0
2004 13,4 21,9
2005 15,0 21,3
Kjelde: SIRUS[3]

Lovar og reglar endre

Uruguay er det einaste landet i verda der marihuana er heilt ut lovleg. Marihuana er òg legalisert i dei amerikanske statane Colorado og Washington med ulike restriksjonar.[4][5]

I Noreg er all omsetning av hasjisj forbode Ettersom det ikkje finst kontroll over handelen eller varene kan hasjen innehalda helseskadelege tilsetningsstoff utan at kjøparen kjenner til det. I fylgje politiet er dette likevel ikkje vanleg i Noreg. Fargen på hasj kan variera frå heilt svart til lys brun eller gul/grønaktig. Nokre typar kan ha eit gråaktig, eller til og med raudleg, skjær. Hasj kjem i dei fleste storleikar og former og varierer frå mjuk og seig til tørr og hard, som oftast basert på ferskheita til hasjen.[treng kjelde]

Stoffet står på dopinglista til antidoping-byråa WADA og Antidoping Norge.

Referansar endre

  1. "For hasjisj [...], som dominerer både det europeiske og norske markedet, er gjennomsnittleg THC-styrke på om lag 7 % slik det har vore i mange år. Det skal likevel understrekes at det er store variasjoner i måleresultatene."[1] Arkivert 2006-06-18 ved Wayback Machine.
  2. Ei statistisk undersøking gjort av Visendi for Dagsavisen indikerer at nær kvar tredje nordmann har brukt hasj. Resultat frå undersøkinga viser at det er fleire femtiåringar som har prøvd enn tenåringar.[2] Arkivert 2021-08-04 ved Wayback Machine.
  3. Tabellen er henta frå narkoman.netDeira kjelde er Sirus Arkivert 2006-10-24 ved Wayback Machine.
  4. Colorado cannabis customers swarm as drug's sale goes legal - BBC
  5. Marijuana laws around the world: what you need to know - The Guardian

Litteratur endre

  • Fred Gardner: Marijuana Smoking Does Not Cause Lung Cancer, Anderson Valley Advertiser, Wed, 06 Jul 2005, [3]
  • D.P. Tashkin m.fl: Heavy habitual marijuana smoking does not cause an accelerated decline in FEV1 with age, Am. J. Respir. Crit. Care Med., Vol 155, No. 1, 141-148, Jan 1997 [4]
  • D.L. Sherrill; M. Krzyzanowski; J.W. Bloom; M.D. Leibowitz: Respiratory effects of non-tobacco cigarettes: A longitudinal study in general population, International Journal of Epidemiology 20, 132-137, 1991
  • S.E.G. Fligiel m.fl: Bronchial pathology in chronic marijuana smokers: A light electron microscope study, Journal of Psychoactive Drugs 20, 33-42, 1988
  • S.E.G. Fligiel m.fl: Pulmonary pathology in marijuana smokers, 43-47, in G. Chesher m.fl. (red.), Marijuana: An International Research Report, Canberra, Australian Government Publishing Service, 1988.
  • Høeg, Ove Arbo; Våre medisinske planter, Oslo 1984, ISBN 82-7010-156-7
  • Samuelsson, Gunnar: Drugs of Natural Orgin, A Textbook of Pharmacognosy, Södertälje, 1992, ISBN 91-86274-42-2
  • Prenatal Marijuana Exposure and Neonatal Outcomes in Jamaica: An Ethnographic Study, Pediatrics, February 1994, Volume 93, Number 2, pp. 254-260
  • Vindheim, Jan B. Inn i hampen. Oslo 2000, Futurum Forlag, ISBN 82-90367-11-2 [5]

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rusmiddelet cannabis