Mariske språk er språka austmarisk (eller engmarisk) og vestmarisk (eller fjellmarisk). Desse to språka utgjer den mariske greina i den uralske språkfamilien. Tidlegare vart dei, i lag med mordvinsk, sett på som ei felles grein volgaiske språk, dette synet har no ikkje lenger støtte, i og med at det ikkje har vore mogleg å rekonstruere eit volgaisk urspråk som skulle utelukke nabofamiliane austersjøfinsk og permisk.

Mariske språk
Klassifisering: Uralske språk
Tala i:  Russland
Område: Den russiske føderasjonen: Dei autonome republikkane Mari El, Basjkortostan, Tatarstan, Udmurtia; oblasta Nizjegorod, Kirov, Sverdlovsk, Orenburg; Perm kraj
Talarar: 509 090 (2012)[1]
Glottolog: mari1278

Eitt språk eller to endre

 
Mariske dialektar (den svarte lina viser grensene til republikken Mari El ██ Fjellmarisk ██ Nordvestre marisk ██ Engmarisk ██ Austleg marisk

Skiljet mellom dei to mariske standardspråka er av ny dato, frå 1920-talet, då den sovjetiske språkpolitikken vart sett i verk: Alle minoritetane skulle få skolegang på sitt eige morsmål. Det går eit dialektskilje gjennom det mariske språkområdet, og dette vart gjort til skriftspråksskilje. Tidlegare hadde marisk vorte skrive utan ei fast norm, men mest med utgangspunkt i austmarisk. Nokre språkforskarar har sett dette som eit døme på ein sovjetisk splitt-og-hersk-politikk, der målet var å gjere minoritetane så mange og små som mogleg. På den andre sida er spesielt vestmariane oppgjevne over det dei opplever som austmarisk kunnskapsløyse om vestmarisk, og det hender at mariar dermed bruker russisk seg imellom over språkgrensa.

På den andre sida er det ein sterk marisk identitet blant mariane, dei ser på seg sjølv som eitt folk med eitt språk, til skilnad frå t.d. mordvinarane, der det framfor alt er utlendingar som snakkar om eitt mordvinsk språk, dei sjølv ser på to ulike språk, ersia og moksja.

Skriftspråk endre

Dagens rettskriving for dei mariske språka bruker følgjande bokstavar.

Austmarisk endre

А а Б б В в Г г Д д Е е Ё ё Ж ж
З з И и Й й К к Л л М м Н н Ҥ ҥ
О о Ö ö П п Р р С с Т т У у Ӱ ӱ
Ф ф Х х Ц ц Ч ч Ш ш Щ щ Ъ ъ Ы ы
Ь ь Э э Ю ю Я я

Vestmarisk endre

А а Ä ä Б б В в Г г Д д Е е Ё ё
Ж ж З з И и Й й К к Л л М м Н н
О о Ö ö П п Р р С с Т т У у Ӱ ӱ
Ф ф Х х Ц ц Ч ч Ш ш Щ щ Ъ ъ Ы ы
Ӹ ӹ Ь ь Э э Ю ю Я я

Språklege skilje endre

Språka skil seg frå kvarandre både i ordforråd og grammatikk.

Fonologiske skilnader endre

Austmarisk har eit 8-vokalsystem. Austmarisk har fremre vokalar i, y, e, ø og bakre vokalar u, o, a, i tillegg til ein bakre schwa. Vestmarisk har dei same vokalane, men i tillegg har språket to vokalar som ikkje finst i austmarisk, ein fremre æ og ein fremre schwa[2], jf. ӓ og ӹ i bokstavoversynet ovafor. Dei fremre vokalane i vestmarisk går inn i vokalharmonisystemet, denne skilnaden er med andre ord gjennomgripande i språksystemet.

Også i konsonantsystemet er det skilnader, men dei er marginale samanlikna med skilnadane i vokalsystemet. Vestmarisk har ein ustemt f i tillegg til den stemte v som begge språka har, og det har ein distinksjon mellom to dentale lukkelydar og affrikatar (t ~ t´, ts ~ tʃ) der austmarisk berre har t og . Skilnaden går likevel fram berre i yngre tsjuvasjiske lånord i vestmarisk, og grip likevel ikkje inn i heile språksystemet, slik som vokalskilnadene gjer.

Austmarisk har trykk på siste fullvokal, dvs. at schwa og vokalharmoniske vokalar er trykklette. Viss ordet ikkje inneheld fullvokalar fekk trykket på første staving. I vestmarisk er situasjonen meir uklår. I prinsippet fell trykket på nestsiste staving. Viss denne vokalen ikkje er fullvokal, fell trykket som regel på næraste fullvokal til venstre.

Språkhistorie endre

Trass tidlegare teoriar om ei volgafinsk språkfamilie har det ikkje vore mogleg å rekonstruere eit marisk-mordvinsk urspråk. Tvert i mot ligg dei mariske språka nærare dei permiske språka enn dei ligg mordvinsk. Samtidig har marisk fått mest påverknad frå tyrkiske språk.

Lydhistorie endre

Framstillinga her er basert på Berezcki 1988. Ururalsk *a tilsvarer o i marisk (t.d. fi. kala, marisk kol, evt. u: fi. tammi ~ austmarisk tumo. Ururalsk *o er også o, jf. fi. tohti-, austm. toštam "å våge". Ururalsk blir til e, jf. fi. talvi (urur. tälwä), austm. tele, evt. sekundær ä i vest: fi. järvi austm. jer, vestm. jär. Ururalsk *e er e i austmarisk: fi: kehä austm. keče "omkrins". Ururalsk *i er i i austmarisk, fi. niini, austm. nij. Marisk skil ikkje mellom lange og korte vokalar.

Ururalske vokalar i andre staving, *a, *ä, e, vart alle til det urmariske *ə̑.

Fotnotar endre

  1. Mari ved Ethnologue (18. utg., 2015) Lewis, M. Paul; Gary F. Simons; Charles D. Fennig, red. (2015). Ethnologue: Languages of the World (18th utg.). Dallas, Texas: SIL International. 
  2. Jf. Alhoniemi 1985 s. 15 for eit oversyn

Litteratur endre

  • Alhoniemi, Alho 2010: Marin kielioppi. 2. painos. Hilfsmittel für das Studium der finnisch-ugrischen Sprachen X. Helsinki: Suomalais-ugrilainen seura.
  • Alhoniemi, Alho 1988, Das tscheremissische. Sinor, Denis: [The Uralic languages. Description, history and foreign influences]. Leiden: E.J. Brill. s. 84-95.
  • Bereczki, Gábor 1988: Geschichte der wolgafinnischen Sprachen. Denis Sinor (red.) The Uralic Languages s. 314-350.
  • Sinor, Denis (1988), Handbuch der Orientalistik. Abt. 8, Handbook of Uralic studies, The Uralic languages : description, history and foreign influences 1, E.J. Brill, Leiden, ISBN 90-04-07741-3 
  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.