Marit Bockelie (fødd 9. oktober 1933) er ein norsk biletkunstnar og fløytist. Ho er fødd i Bodø, oppvaksen i Tromsø og busett i Oslo. Ho er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole (1953–56), Accademia di Belle Arti («Mosaikkakademiet») i Ravenna (1956–59) og Statens Kunstakademi (1960–64). Verka hennar inkluderer mosaikk, teikning, akvarell, måling og grafikk. Ho har òg illustrert fleire bøker, med hovudvekt på utgjevingar med tema frå Nord-Noreg. Ho er representert i fleire utstillingar, mellom anna Nasjonalgalleriet.

Marit Bockelie
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. oktober 1933 (90 år)
Yrke illustratør, musikar

Seinare studerte ho utøvande musikk ved Instituto Verdi (fire år) og ved Norges musikkhøgskole med diplomeksamen 1977. Ho har spelt solo i fleire orkester og i NRK.

I 1994 opna ho Skulpturlandskap Nordland. Ho skreiv og illustrerte si eiga musikkbok Marits egne drikkeviser (Emilia forlag, 2001).

Bockelie vart i 2020 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for virket sitt som kunstnar.[1]

Prisar og utmerkingar

endre
  • Tromsø bys stipend 1954-57, Troms fylkes kulturstipend 1965
  • Statens arbeidsstipend 1985 og Tegneforbundets stipend 1985
  • Petter Dass-medaljen 1984
  • Troms fylkeskommunes kulturpris 1986
  • Utnemnd til st Olavs orden 2021

Kjelder

endre
  1. «Utnevnelse til St. Olavs Orden» (på norsk). Henta 19. februar 2020.