Marit Hætta Øverli
Marit Elisabeth Hætta Øverli (fødd 12. januar 1964 i Masi) er ein norsk samisk songar.
Marit Hætta Øverli | |||
Fødd | 12. januar 1964 (60 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | Noreg | ||
Verka som | politikar, musikar |
Ho byrja ein lang musikkarriere med si første gruppe Masijentene. Gruppa grunnla Per K. Løberg, musikklæraren på skulen i Masi, i 1974. I 1991 vann ho Sámi Grand Prix. Seinare blei ho Finnmarks vinnar i NRKs 2000-årslåta. Etter promoplata Golle Máze / Goahtoeanen, kom hennar første eigne langspelplate, Ohcame (Iđut), ut i 1995. Musikarane som spelte på plata var Hans Fredrik Jacobsen, Kåre Kolve, Rune Arnesen og Svein Dag Hauge. I 2000 gav ho ut plata Daja Jienat. Seinare har ho og Klemet Anders Buljo grunnlagt ein duo, Duo Maret.
Prisar og utmerkingar
endreI 2017 vann Øverli og Klemet Anders Buljo Altas kulturpris som Duo Maret. Året etter vann dei og Duo Maret igjen, denne gongen Finnmark fylkes kulturpris.
Diskografi
endreMed Masijentene
endre- 1977 – Máze Nieidat (JLP 202)
- 1979 – Máze Nieidat II (JLP 205)
Solo
endre- 1995 – Golle Máze / Goahtoeanen (ICD95001), singel
- 1995 – Ohcame (ICD942)
- 2000 – Daja jienat
Med Duo Máret
endre- 2015 – Alo
- 2020 – Dusten dan, singel