Marit Kaldhol
norsk skribent og poet
Marit Kaldhol (fødd 13. april 1955 i Ålesund)[1] er ein norsk lyrikar og forfattar.
Marit Kaldhol | |
![]() | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. april 1955 (70 år) Ålesund kommune |
Yrke | Lærar |
Periode | 1983- |
Debut | Lattermilde laken |
Kaldhol er utdanna lærar, og har undervist i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Ho var med på å danne Møre og Romsdal Forfattarlag i 1983, og var i fleire år leiar i laget. Ho blei i 1999 medlem av Norske Barne- og Ungdomsbokforfatteres litterære råd, og var i perioden 2001–03 rådets nestleiar, og leiar frå 2002 til 2005.
Ho debuterte i 1983 med diktsamlinga Lattermilde laken, og har seinare gidd ut lyrikk, barnebøker, ungdomsbøker, romanar og novellesamlingar. Kaldhol vart tildelt Nynorsk barnelitteraturpris i 2015 for boka Zweet.[2]
Bibliografi
endre- Lattermilde laken – diktsamling (1983)
- Maria – roman (1985)
- Farvel Rune – barnebok (1986) (illustrert av Wenche Øyen)
- Vi kan dele – barnebok (1988) (illustrert av Ingri Egeberg)
- Og låste med ein hengelås – barnebok (1991) (illustrert av Dag Fyri)
- Alt skal sjå ut som fløyel – diktsamling (1993)
- Alle vi – novellesamling (1993)
- På vegen står ei jente med kniv – barnebok (1995) (illustrert av Anne Knutsdatter Wille)
- I huda er gud ein munn – roman (1997)
- Ordet er ei bru – aktivitetshefte for ungdomsskulen om Tarjei Vesaas (1997)
- Har du peiling på fisk? – ungdomsbok (1999)
- Frø – diktsamling (1998)
- Ein augneblink, kanskje to – ungdomsbok (2001)
- Stilk med to. Dikt for unge – diktsamling (2002)
- Den tause rosa går forbi – diktsamling (2002)
- Innbrotstjuven. Ni forteljinger om Peder – (2004)
- Den einaste kjolen – diktsamling (2005)
- Reisa til H. – barnebok (2005) (illustrert av Justyna Nyka)
- Blondene gir seg ikkje – roman (2006)
- Kino – novellesamling/ungdomsbok (2006)
- Ho som ror – dikt, ungdom, (2007)
- Stripekalven – biletbok (2008)
- Søkeord: ayotzintli – barnebok (2010]
- Darwins sporvar – roman (2012)
- Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz – roman (2014)
- Zweet – ungdomsbok (2015)
Drama
endre- Vesle Wolfgang – Barnetimen for dei minste, NRK (1999)
- Fuglen flyg gjennom hjartet – drama for ungdom (2003)
- Engel, pengel – drama for mindre barn (2005)
Prisar
endre- Premio Europeo Pier Paolo Vergario 1987
- Deutsche Jugendliteraturpreis 1988, for Abschied von Rune (Farvel Rune), saman med Wenche Øyen
- Ålesund bys kunstnerpris 1995
- Samlagsprisen 2001
- Kultur- og kirkedepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur 2006, for Kino
- Kultur- og kirkedepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur 2010, for søkeord: ayotzintli
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Marit Kaldhol» frå Wikipedia på bokmål, den 3. februar 2008.
Referansar
endre- ↑ ««Marit Kaldhol»». forfatterkatalogen.no. Henta 19. april 2012.
- ↑ «Nynorsk barnelitteraturpris». Noregs Mållag. Henta 7. november 2016.
Bakgrunnsstoff
endre- Bøker av Marit Kaldhol digitalisert hjå Nasjonalbiblioteket
- Det Norske Samlaget: Marit Kaldhol
- Dagbladet: Marit Kaldhol