Marita Koch (fødd 18. februar 1957 i Wismar) er ein tidlegare sprintar som representerte Aust-Tyskland. Marita Koch held den gjeldande verdsrekorden på 400 meter sprint på tida 47,60. [1] Verdsrekorden på 400 meter vart sett under eit verdscupstemne i Canberra i oktober 1985. Sjølv om dette er den einaste verdsrekorden som Marita Koch framleis held i dag, sette ho til saman 15 verdsrekordar i løpet av karrieren sin. Den einaste som har sett fleire verdsrekordar er sprintaren Betty Cuthbert frå Australia. Marita Koch har framleis den europeiske rekorden på 200 meter; 21,71 sekund, men deler denne rekorden med Heike Drechsler. [2] Marita Koch gifte seg med trenaren sin, Wolfgang Meier, og heiter no Marita Meier-Koch.

Marita Koch

Marita Koch slår Marlies Göhr på 200 meter i 1984.
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 18. februar 1957 (67 år)
Wismar
Yrke sprintar, friidrettsutøvar
Språk tysk
Høgd 171 centimeter
Marita Koch på Commons

Biografi endre

I 1978 deltok Marita Koch i EM i friidrett i Praha, der ho tok gull på 400 meter på 48,94 sekund og sette verdsrekord på distansen. Aust-Tyskland tok også gull på 4 x 400 meter stafett med Marita Koch på ein av distansane. Under EM i friidrett 1982 i Athen forbetra ho 400 meterstida til 48,16 og sette dermed endå ein ny verdsrekord, i tillegg til at Aust-Tyskland sette verdsrekord på 4 x 400 meter stafett med 3,19,05. Marita Koch tok gull i begge øvingane også under EM i friidrett 1986 i Stuttgart og presterte dermed å ta gull i dei same to øvingane i tre EM på rad.

Marita Koch vart forhindra frå å delta i sommar-OL 1976 i Montreal grunna skadar. Sidan Aust-Tyskland boikotta sommar-OL 1984 i Los Angeles, vart hennar fyrste og einaste olympiske leikar sommar-OL 1980 i Moskva. Her sprang ho 400 meter på 48,88 sekund, tok gullmedalje og sette ny olympisk rekord. Også i Moskva sprang Koch ein av distansane under 4 x 400 meter stafett for kvinner og vann olympisk sølvmedalje for Aust-Tyskland, bak Sovjetunionen.

I 1983 var Marita Koch med på VM i friidrett i Helsingfors, der ho kom heim att med fire gullmedaljar. I 100 meter sprint var det landskvinna Marlies Göhr som gjekk av med sigeren, men Marita Koch tok sølv. I 200-meter tok ho gull framfor Merlene Ottey. Koch deltok ikkje i 400 meter under dette meisterskapet, men tok gull til Aust-Tyskland i både 4 x 100 meter og 4 x 400 meter stafett.

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre