Marius Helle

norsk fotballspelar

Marius Helle (fødd 11. august 1983) er ein norsk fotballspelar som spelar for Bryne FK der han spelar i angrep. Han kom til Bryne frå Ålgård FK, der var han toppskårar i 2005. Etter den bragda ville fleire klubbar han kontakt med Helle, han prøvespelte for Bodø/Glimt, Brann, Bryne og Viking før han til slutt enda opp i Jærlaget. Han var Bryne sin toppskårar i serien i 2009-sesongen med 14 seriemål. I 2010 vart han toppskårar i 1. divisjon med 17 mål, endå han berre spelte 15 seriekampar.[1] Skåringssuksessen førte til at han vart kjøpt av eliteserieklubben Stabæk i august 2010, der han spelte sju tippeligakampar og skåra to seriemål i resten av sesongen. I januar 2011 var han attende i Bryne i 1. divisjon.

Marius Helle

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. august 1983 (40 år)
Stavanger kommune
Yrke fotballspelar
Høgd 183 centimeter
Marius Helle på Commons

Fotnotar endre

  1. Norsk & Internasjonal Fotballstatistikk

Bakgrunnsstoff endre

Bryne – Spelarstallen 2011
Målmenn
  1 Anders Kristiansen
  12 Jonas Høidahl
Forsvarsspelarar
  3 Christer Fjellstad
  4 Vegar Landro
  5 Henning Vikesdal Petersen
  9 Tommy Eide Møster
  22 Marius Bjorheim
Midtbanespelarar
  6 Klaus Vikesdal Petersen
  8 Aleksander Midtsian
  14 Håkon Stenersen
  16 Kai Ove Stokkeland
  17 Kim Robert Nyborg
  18 Henning Romslo
  19 Geir Dahle Høyland
  20 Esben Ertzeid
  21 Lundrim Binaku
  23 Sverre Larshus Larsen
Angrepsspelarar
  7 Mats Cato Moldskred
  10 Kai Risholt
  11 Marius Helle
  15 Martin Norbye
  25 Tommy Høiland
Trenar
  Tommy Bergersen