Mark Brzezicki (fødd 21. juni 1957) er ein engelsk trommeslagar, mest kjend som medlem av Big Country. Han har òg vore medlem av The Cult, Ultravox og Procol Harum og han har arbeidd med Pete Townshend, Roger Daltrey, The Crazy World Of Arthur Brown, Midge Ure, Fish, The Pretenders og mange andre. Han var trommeslagar på Shine, det andre og siste engelskspråklege albumet til Frida frå ABBA.

Mark Brzezicki

Fødd21. juni 1957 (66 år)
FødestadSlough i Berkshire i England
FødenamnMark Michael Brzezicki
OpphavStorbritannia
Aktiv1981 til i dag
SjangerRock
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarBig Country, The Cult, Procol Harum, Casbah Club, Ultravox, From The Jam
PlateselskapPhonogram Records, Track-BCR Records
Verka somMusikar

Brzezicki er son av ein polsk krigsveteran og har engelsk mor. Med Tony Butler (frå Big Country) er dei kjend som 'Rhythm for Hire'. Brzezicki forlet Big Country i juli 1989, men kom attende i 1993. I lag med Butler, no vokalist, og gitarist Bruce Watson, starta Big Country å spele att i 2007.

Brzezicki er for tida med i Thunderclap Newman, som er mest kjend for 60-tals hitten «Something in the Air».

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre