Opna hovudmenyen

Mark van Bommel

nederlandsk fotballspelar

Mark Peter Gertruda Andreas van Bommel (fødd 22. april 1977 i Maasbracht i Limburg) er ein nederlandsk fotballspelar som spelar på midtbanen for Milan i italiensk Serie A, og for det nederlandske landslaget. Han har vorte seriemeister i tre ulike land: I Nederland med PSV fire gonger (2000, 2001, 2003 og 2005), i Spania éin gong med Barcelona (2006) og i Tyskland med Bayern München to gonger (2008 og 2010). Han var òg med på å vinna den europeiske Meisterligaen med Barcelona i 2006. I 2001 og 2005, medan han spelte for PSV, vart han kåra til årets spelar i Nederland. Van Bommel debuterte for A-landslaget 7. oktober 2000 i ein kamp mot Kypros, men fekk ikkje spelt i ei stor turnering før fotball-VM i 2006, då han var skada til fotball-EM i 2004. Han spelte alle Nederland sine kampar utanom éin under VM i 2006. I 2010 var han igjen med i Nederland sin VM-tropp, og spelte frå start.

Mark van Bommel
Mark van Bommel 20120611.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Mark Peter Gertruda Andreas van Bommel
Fødd 22. april 1977
Fødestad Maasbracht
Høgd 187 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Milan
Nummer 4
Ungdomsklubbar
Nederland RKVV Maasbracht
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1992-99
1999-2005
2005-06
2006-11
2011-
Nederland Fortuna Sittard
Nederland PSV
Spania Barcelona
Tyskland B. München
Italia Milan
153 (13)
169 (46)
24 (2)
123 (11)
1 (0)
Landslag
2000- Nederland Nederland 66 (10)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. oktober 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 11. oktober 2010