Markkakkerlakk

insektart
(Omdirigert frå Markkakerlakk)
Markkakkerlakk
Markkakkerlakk
Markkakkerlakk
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Kakkerlakkar Blattodea
Familie: Blattellidae
Slekt: Ectobius
Art: Markkakkerlakk E. lapponicus
Vitskapleg namn
Ectobius lapponicus

Markkakkerlakk (Ectobius lapponicus) er den einaste kakkerlakkarten som finst naturleg i Noreg. Det er ein liten art som toler til dels særs mykje kaldare tilhøve enn det som er vanleg mellom kakerlakkar, og finst nord til Finnmark. Elles i verda finst han i mesteparten av Europa aust til Uralfjella, men berre heilt sør i Storbritannia.

Kjenneteikn endre

Markkakkerlakken er ein liten art med lys brun farge og mørke teikningar på brystskjoldet. Desse er mørkast hjå hannen, kor dei gjerne er nesten heilt svarte. Andre kjønnsskilnadar omfattar delvis vengjereduksjon hjå hoa, og mørkare bein hjå hannen. nymfene er brune utan noka særleg til fargeteikningar eller mønster.

Ein skil markkakkerlakk frå tysk kakkerlakk på at sistnemnde har to langsgåande linjer over brystskjoldet sitt.

Levesett endre

Markkakkerlakken trivst i mange ulike miljø, men finst oftast på engmark. Ein finn dei òg i hager og parkar, ved vegkantar og andre relativt opne område. Stundom finn ein han òg innandørs, der han kan bli til dels særs plagsam. Dette gjeld særleg i gammane til samane i Nord-Noreg.

 
Hoe med eggkapsel

Livssyklusen til markkakkerlakken går i Norge over to år. Hoa ber ein eggkapsel i eit par døger før ho legg han ned mellom blad og/eller gras. Neste vår klekkjer nymfene, eit stadium dei brukar eit år på. Som regel går dei gjennom 5-6 skalskifte på denne tida. Forsommaren om lag to år etter klekking vert dei kjønnsmogne.

Hannane hjå markkakkerlakken er særs aktive, og er ikkje så reint dårlege flygarar. Hoene sit oftast gøymd i vegetasjon.

Kjelder endre