Marknadsoperasjon

Marknadsoperasjonar (engelsk: open market operations) er metodane til ein sentralbank for å auka eller minka basispengemengda («pengemengda til bankane») gjennom kjøp og sal av verdipapir (gjeldsbrev), til dømes statsobligasjonar. Sentralbanken opprettar pengar ved kjøp og dimed aukar basispengemengda, medan ved sal vil pengane som kjem inn til sentralbanken bli tekne ut av sirkulasjon og basispengemengda minkar. Auka basispengemengd vil normalt senka rentene til bankane medan redusert basispengemengd vil heva dei.

Marknadsoperasjonar og fastsetting av rentenivåa på lånetenestene til sentralbanken (til dømes styringsrenta) er metodane ein sentralbank har for å regulera pengemengda. Sentralbanken kan berre regulera og ikkje styra då auke eller minking i pengemengda er styrt av kor mykje publikum og staten låner i høve til nedbetalingar. Den viktigaste faktoren her er utlånsrenta til bankane, og det er den sentralbanken fokuserer på å styra. Auke i pengemengda gjev utslag i verdien av valutaen i høve til andre valutaer, inflasjon (prisstiging) i konsumprodukt, og har i periodar gjeve sterk auke i prisane i investeringsmarknader som bumarknaden og aksjemarknaden.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre