Marque
Marque er ei 30 km lang elv nord i Frankrike, og ei av sideelvane til Deûle frå høgre. Ho har sitt utspring nær landsbyen Mons-en-Pévèle. Elva renn gjennom departementet Nord og gjennom dei austlege delane av storbyområdet til Lille. Ho renn nordover gjennom landsbyane Pont-à-Marcq, Tressin, Croix og Marcq-en-Barœul, og munnar til slutt ut i Deûle i Marquette-lez-Lille.
Marque | |||
elv | |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 215 km² | ||
Lengd | 30 km | ||
Kjelde | Departementet Nord | ||
Munning | Deûle | ||
Marque 50°26′17″N 3°35′39″E / 50.43805556°N 3.59416667°E | |||
Wikimedia Commons: Marque (rivière) |