Marta Domínguez Azpleta (fødd 3. november 1975) er ein spansk friidrettsutøvar frå Palencia. Ho vart verdsmeister på 3000 meter hinder i 2009, og har vunne to EM-gull på 5000 m, samt ein EM-tittel i terrengløp. I perioden 1998-2010 sikra ho seg tre VM-medaljar og fire EM-medaljar på bane på distansane 5000 m og 3000 m hinder. Sidan 2011 har Domínguez også vore medlem av det spanske overhuset for Partido Popular.

Marta Domínguez


Statsborgarskap Spania
Fødd 3. november 1975 (48 år)
Palencia
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Utmerkingar

Ordenen for sportsfortjenesters gullmedalje


Idrett endre

Domínguez tok steget opp i europatoppen på langdistansane under EM i friidrett 1998 i Budapest, der ho vann bronsemedaljen. Etter VM-sølv på same distansen i 2001, lukkast ho året etter å vinne ein jamn spurt om EM-tittelen. Irske Sonia O’Sullivan måtte sjå slått med eitt tidels sekund. I 2003 tok Domínguez eit nytt VM-sølv på 5000 m, hårfint framom kenyanske Edith Masai og russiske Jelena Sadorosjnaja. Tirunesh Dibaba frå Etiopia vann løpet, eit halvt sekund føre Domínguez.

I friidretts-EM i 2006 forsvarte Domínguez EM-gullet på 5000 m då ho spurtvann over Lilija Sjobukhova frå Russland. I same meisterskapen gjorde ho sitt snøggaste milløp nokon gong, men vart likevel berre nummer sju. Den etterfylgjande våren vart ho verdsmeister i terrengløp over 8 km.

Frå 2008-sesongen gjekk Domínguez over til å satse på 3000 m hinder. Det gav gevinst i 2009, då ho vann gullmedaljen under verdsmeisterskapen i Berlin, eitt sekund føre Julija Sarudneva. Dei same to utøvarane kjempa også fremst då EM-gullet på hinder skulle få sin eigar i 2010, men då var Sarudneva sterkast i spurten.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

 
Marta Domínguez spring inn til EM-siger i terrengløp i 2007

Personlege rekordar endre

  • 1500 m: 4.04,2 (2010, Barcelona)
  • 3000 m: 8.28,8 (2000, Zürich)
  • 5000 m: 14.48,3 (2003, Paris)
  • 10000 m: 30.51,6 (2006, Göteborg)
  • 3000 m hinder: 9.07,3 (2009, Berlin)

Tidene på 3000 m, 10000 m og 3000 m hinder er spanske rekordar i 2015.

Politikk endre

I desember 2011 vart Domínguez vald til medlem av det spanske overhuset, der ho representerer det høgreorienterte partiet Partido Popular.

Kjelder endre