Martha Vickers

amerikansk skodespelar

Martha Vickers (28. mai 19252. november 1971) var ein amerikansk skodespelar og fotomodell. Ho er best kjend i rolla som Carmen Sternwood i The Big Sleep frå 1946.

Martha Vickers
Martha-Vickers-1947.jpg
Fødd28. mai 1925
FødestadAnn Arbor
Død2. november 1971 (46 år)
DødsstadHollywood
FødenamnMartha MacVicar
Aktive år1943–1960
Verka somskodespelar, fjernsynsskodespelar, modell, filmskodespelar
EktefelleA.C. Lyles (1948–1949)
Mickey Rooney (1949–1951)
Manuel Rojas (1954–1965)
BornMaria Christina Rojas, Marta Teresa Rojas, Teddy Rooney

BiografiEndra

Martha Vickers var fødd som Martha MacVicar i Ann Arbor i Michigan. Ho byrja karrieren som fotomodell. I 1944 og 1945 var ho på omslaget til Yank, The Army Weekly.

Den første filmrolla hennar var ei lita, ukreditert rolle i Frankenstein Meets the Wolf Man (1943). Etter fleire slike småroller fekk ho større roller, til dømes som Carmen Sternwood, den yngre syster til hovudrollefiguren spelt av Lauren Bacall i The Big Sleep (1946). På 1950-talet spelte Vickers fjernsynsroller, til dømes som Sheila Hayes i ein Perry Mason-episode frå 1959, «The Case of the Jaded Joker». Dei siste to opptredenane hennar var i 1960, i The Rebel med Nick Adams.

Vickers var gift tre gonger: Med filmproducenten A.C. Lyles (1948-1949), skodespelaren Mickey Rooney (1949-1951) og skodespelaren Manuel Rojas (1954-1965). Ho hadde ein son med Rooney og to døtrer med Rojas.

Martha Vickers døydde av kreft 46 år gammal. Ho er gravlagd i Valhalla Memorial Park Cemetery i North Hollywood.

FilmarEndra

Film
År Film Rolle Merknad
1943 Frankenstein Meets the Wolf Man Margareta Ukreditert
Captive Wild Woman Dorothy Colman Kreditert som Martha MacVicar
Top Man High school girl Ukreditert
Alternativ tittel: Man of the Family
Hi'ya, Sailor Hostess Ukreditert
1944 This Is the Life Girl Ukreditert
Marine Raiders Sally Parker Kreditert som Martha MacVicar
The Mummy's Ghost Miss McLean, student Ukreditert
The Falcon in Mexico Barbara Wade Kreditert som Martha MacVicar
1946 The Big Sleep Carmen Sternwood
The Time, the Place and the Girl Victoria Cassel
1947 The Man I Love Virginia «Ginny» Brown
That Way with Women Marcia Alden
Love and Learn Barbara Wyngate
1948 Ruthless Susan Duane
1949 Daughter of the West Lolita Moreno
Bad Boy Lila Strawn Alternativ tittel The Story of Danny Lester
Alimony Kitty Travers aka Kate Klinger
1955 The Big Bluff Valerie Bancroft Alternativ tittel Worthy Detectives
1957 The Burglar Della
1960 Four Fast Guns Mary Hoag
Fjernsyn
År Tittel Rolle Merknad
1952 The Unexpected 1 episode
1953-1951 General Electric Theater Louise
Helen
2 episodar
1954 Ford Theatre Nancy 2 episodar
The Whistler Louise 1 episode
1955 Fireside Theater Ellen Weston
Julie
2 episodar
1956 The Millionaire Ruth Murdock 1 episode
1957 Playhouse 90 1 episode
1959 Perry Mason Sheila Hayes 1 episode
1960 The Rebel Bess Weed
Agnes Boley
2 episodar

KjelderEndra