Martin Buß (fødd 7. april 1976) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Berlin som tevla i høgdehopp. Han vart verdsmeister i øvinga i 2001, to år etter han tok bronsemedaljen i den førre verdsmeisterskapen. Vinnarhoppet på 2,36 meter under VM i Edmonton er hans beste høgdehopp nokon gong.

Martin Buß
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 7. april 1976 (48 år)
Berlin
Idrett friidrett

Aktiv endre

Buß kom på niandeplass i sitt fyrste VM i Aten i 1997. To år seinare ved VM 1999 i Sevilla hoppa han 2,32 m og tok bronse bak russiske Vjatsjeslav Voronin (2,37 m) og Mark Boswell (2,35 m) frå Canada.

Grunna skade gjekk Buß glipp av sommar-OL 2000 i Sydney. Året etter vann han gullmedaljen under verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton med eit hopp på 2,36 m, framom russarane Vjatsjeslav Voronin og Jaroslav Rybakov som begge fekk sølv med 2,33 m.

Buß var skadd også under OL 2004 i Aten og la sidan opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre