Martin Lamble

Martin Francis Lamble (fødd 28. august 1949 i St John's Wood, nordvest i London, død 12. mai 1969) var trommeslagar i det britiske folkrockbandet Fairport Convention frå dei vart danna i 1967 til han døydde då turnebussen deira kræsja i 1969. Han vart med i bandet etter å ha sett den første konserten deira og overtydde dei om at han kunne gjere ein langt betre jobb enn den dåverande trommeslagaren deira, Shaun Frater.

Martin Lamble
Fødd 28. august 1949
St John's Wood
Død

12. mai 1969 (19 år)
M1

Yrke musikar, trommeslagar

Han spelte trommer på dei tre første albuma til bandet, men kort tid etter innspelinga av Unhalfbricking den 12. mai 1969, kræsjka turnebussen til Fairport på motorvegen M1 på veg heim frå ein konsert i Birmingham.[1] Lamble døydde på staden, berre 19 år gammal.

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «Martin Lamble» frå Wikipedia på engelsk, den 27. januar 2011.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 196. CN 5585.