Karl Martin Lauer (2. januar 19376. oktober 2019) var ein tysk friidrettsutøvar og popsongar frå Köln. Han vart europameister i 110 meter hekk i 1958 og vann olympisk gullmedalje i 4 x 100 meter stafett i 1960. Åra 1962-68 song han inn fleire musikk-plater som vart omsett i store opplag i heimlandet.

Martin Lauer


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 2. januar 1937
Köln
Død

6. oktober 2019 (82 år)
Lauf an der Pegnitz

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1960, Sommar-OL 1956

Utmerkingar

Silbernes Lorbeerblatt, Hall of Fame des deutschen Sports, Sportler des Jahres, Verdienstorden des Landes Nordrhein-Westfalen

Idrett endre

Lauer vart nummer fire på korthekken og nummer fem i tikampen under dei olympiske leikane i Melbourne. I 1958 vann han ein suveren siger i 100 m hekk ved friidretts-EM i Stockholm, slo nestemann med fire tidels sekund. Den 7. juli 1959 forbetra han verdrekorden i øvinga til utrulege 13,2 sekundar under eit stemne i Zürich, ein rekord som ikkje vart sletta før enn i 1972. I sommarleikane 1960 i Roma vart Lauer atter nummer fire i 110 m hekk, med same tid som bronsevinnaren. Tre dagar seinare sprang han ankeretappen for eit tysk mannskap som tangerte verdsrekorden i 4 x 100 meter stafett og vann den olympiske gullmedaljen i øvinga, etter at USA, som hadde same tid, vart diskvalifisert for vekslingsfeil. Dei andre på det tyske laget var Bernd Cullmann, Armin Hary og Walter Mahlendorf.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • OL 1956 i Melbourne: Nr 4 på korthekken – 14,5 og nr 5 i tikamp - 6 853 poeng
  • EM 1958 i Stockholm: Gullmedalje på korthekken – 13,7, framom Stanko Lorger (14,1)
  • OL 1960 i Roma: Nr 4 på korthekken – 14,0. Gull i 4 x 100 m stafett (39,5)

Musikk endre

Like etter Sommar-OL 1960 var over, vart Lauer blodforgifta og låg på sjukehus i mange månader. Ein kronisk beinskade hindra han sidan å drive idrett. I staden fekk han kontrakt med plateselskapet Polydor som gav ut nokre plater der Lauer framførte nordamerikanske country-songar i tysk språkdrakt. Perioden 1962-66 var songane ofte på dei vesttyske hit-listene, skal ha seldt minst 6 millionar stykk.

Kjelder endre