Martin Linge

norsk skodespelar og offiser

Martin Jensen Linge (11. desember 189427. desember 1941) var ein norsk skodespelar, offiser og motstandsmann under andre verdskrigen. Han leidde nokre av dei første norske styrkane i Storbritannia under den andre verdskrigen, som seinare vart kalla Kompani Linge etter han.

Martin Linge

Fødd11. desember 1894
FødestadNorddal
Død27. desember 1941
DødsstadMåløy
Rangkaptein i forsvaret
EiningHæren
Konfliktarandre verdskrigen

Martin Linge var fødd i Negarden på Linge i NorddalSunnmøre. Han var son av bonden Jens Linge og Gunhild Muldal. Linge var gift med Margit F. Vogt (søster av samfunnsøkonomiprofessoren Johan Vogt), dei var foreldre til båtkonstruktøren Jan Herman Linge og besteforeldre til forfattaren Espen Haavardsholm.[1][2]

Sytten år gamal kom han inn på underoffiserskulen i Trondheim og vart etter tre år korporal. Hausten 1914 tok han til på Katedralskulen i Trondheim. Der var han mellom anna formann i Fraternitas Nidrosiensis og skreiv ein del for Minerva (på nynorsk). Etter artium gjekk Linge krigsskulen, då denne var fullført byrja han i skodespelarlære hos fru Movinckel. Han debuterte på Centraltheateret i 1921, før han gjekk over til Det Norske Teatret.[3]

Her fikk skuespiller Linge
lysende sitt gjennombrudd.
Møtt av ingen bifallsalve,
men av mitraljøseskudd.

Frå Nordahl Grieg sitt minnedikt om Martin Linge
Minnebauta på garden Linge i Norddal.

Andre verdskrigen endre

Heile vinteren 1940 stod ryggsekken hans ferdigpakka slik at han kunne dra ut i felten på kort varsel. Ved invasjonen 9. april reiste han til Setnesmoen ved Åndalsnes, der vart han skada av ein granatsplint og kom til England med eit hospitalskip. Linge vart utpeika til ei ny avdeling med namnet «Norwegian Independent Company No 1», betre kjent som Kompani Linge.[4] Svolværraidet i 1941 var det første allierte strandhogget i det okkuperte Europa. I desember 1941 leidde Linge den norske avdelinga under Måløy-raidet, men vart skoten og drepen på trappa til Ulvesund Hotell i Måløy. Kronprins Olav avduka minnebauta på heimstaden Linge 17. juni 1946.[5]

Kjelder endre

  1. Tafjord, Leonhard og Terje Linge (1997): Ættebok for Norddal. 2.utgåve. Bind 1, s.422.
  2. Haavardsholm, Espen (28. september 2014). «Martin Linge». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
  3. Kleiva, Ivar (red.) (1976): Norddal bygdebøker. band IV. Norddal kommune.
  4. Kleiva, Ivar (red.) (1976): Norddal bygdebøker. band IV. Norddal kommune.
  5. Furseth, Astor (1987): Norddal i 150 år 1837-1987. Valldal: Norddal kommune.

Bakgrunnsstoff endre