Martina Helga Hellmann, opphavleg Martina Helga Opitz, (fødd 12. desember 1960) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Leipzig i Sachsen som representerte Aust-Tyskland i diskoskasting. Ho vart verdsmeister i øvinga i 1983 og 1987, og olympisk meister i 1988.

Martina Hellmann


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 12. desember 1960 (63 år)
Leipzig
Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 1988 Summer Olympics – women's discus throw, athletics at the 1992 Summer Olympics – women's discus throw

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i gull

Aktiv endre

Martina Opitz begynte å konkurrere i diskos som 16-åring. I 1977 sette ho verdsrekord for 16-åringar med eit kast på 55,00 meter. Dei neste åra var ho plaga av sjukdom og skadar, derfor kom VM-triumfen i 1983 noko overraskande. Etter å ha vunne bronsemedaljen under EM 1986, forsvarte ho VM-tittelen i 1987 med eit kast på heile 71,62 m i Roma. Like før VM sette ho i Potsdam personleg rekord med 72,92 meter.

I dei olympiske leikane 1988 i Seoul kasta Hellmann opp mot sitt aller beste og vann diskostevlinga med eit kast på 72,30 m, ein liten halvmeter framfor sin argaste konkurrent, landskvinna Diana Gansky. To år etter kopierte Hellmann prestasjonen i forrige EM og vann ein ny EM-bronse, få centimeter bak sølvmedaljøren.

Hellmann la opp i 1992.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre