Martine

kvinnenamn

Martina og Martine, også stava Marthina, Martyna og Marthine, er kvinnenamn avleidde av Martin eller latinsk Martinus. Mannsnamnet er avleidde frå den romerske guden Mars.

Martina Hingis er kalla opp etter tennisspelaren Martina Navrátilová.

Martina har svensk namnedag den 10. november og Martine har norsk namnedag den 11. november.

Martina kan også vera eit slektsnamn.

Martine, som er mykje brukt i Noreg, er opphavleg ei fransk form av namnet, og er utbreidd i Belgia og Frankrike. Martina er mellom anna ei italiensk form, og er vanleg elles i Europa.

I 2008 hadde namna i følgje Statistisk sentralbyrå dette talet brukarar i Noreg:

  • Martine: 5852
  • Martina: 245
  • Marthine: 244
  • Marthina: 6

Namnet var mykje brukt ved slutten av 1900-talet. Første halvdelen av 1990-åra fekk over 1,0 % jenter dette namnet, og like etter tusenårsskiftet blei det gjeve til over 1,2 % av nyfødde. Bruken gjekk deretter ned.

Kjende namneberarar

endre
 
Churandy Martina.

Martina som etternamn

endre