Marxist

Ein marxist er ein tilhengar av ideane til den tyske tenkjaren Karl Marx.

Marx meinte mellom anna at det er dei materielle kreftene i samfunnet som er basisen, og at tenkinga og andre ting i "overbygningen" spring ut av denne. Men samtidig verkar tilhøve i overbygningen tilbake på den materielle basisen i ein dialektisk prosess. Alle historiske samfunn har vore klassesamfunn, og klassekampen har derfor stått sentralt. Klassekampen i det moderne kapitalistiske samfunnet vil føre til at den stadig meir utarma arbeidarklassen når tida er inne tar over makta i samfunnet gjennom ein revolusjon og sosialiserer produksjonsmidla. Høgt utvikla produktivkrefter og sosialiserte produksjonsmiddel vil vere føresetnader for eit klasselaust samfunn, som da heller ikkje vil ha behov for noka eigentleg statsmakt.

Denne marxismen var grunnlaget for dei sosialistiske og sosialdemokratiske arbeidarpartia som voks fram i andre halvdelen av 1800-talet. Men Marx sjølv skal ha reagert mot dei som tok til å kalle seg "marxistar" i samtida hans, og skal ha sagt: "Eg er ikkje marxist!".

Blant dei som kalla seg marxistar, oppstod det etter Marx sin død ulike syn. Tyskaren Eduard Bernstein meinte ein måtte revidere Marx på enkelte område, særleg dette med utarminga av arbeidarklassen som han meinte ikkje stemte med røynda, og dette med revolusjon, som han meinte heldt på å bli unødvendig i og med utviklinga av demokratiet. Andre kalla Bernstein for revisjonist, og skulda han for å ha forlate marxismen, men Bernstein sjølv meinte han framleis var marxist.

Blant dei som skulda Bernstein for revisjonisme, var russaren Vladimir Lenin. Han meinte seg å stå for ortodoks marxisme, men i røynda reviderte han Marx sjølv, på eit svært vesentleg punkt. Marx hadde meint at kapitalismen måtte løpe lina ut før han kunne avskaffast, altså utvikle produktivkreftene maksimalt og syte for framvoksteren av ein stor og sterk arbeidarklasse. Men Lenin leidde sine bolsjevikar til makta i det tilbakeliggjande Russland i oktoberrevolusjonen i 1917, noko mensjevikane meinte var heilt i strid med marxismen.

Dei fleste som har eit forhold til Marx i dag, meiner at han kan gi gode utgangspunkt for eiga tenking, men ikkje skal sjåast som ufeilbarleg, og at ideane hans slett ikkje kan vere ei altomfattande lære som gir svar på alle spørsmål. For mange sosialistar er det likevel viktig å halde fast på nokre av Marx sine idear, som at klasseperspektivet og spørsmålet om eigedommen må vere sentrale i sosialistisk tenking. Nokre sosialistar med eit forhold til Marx kallar seg marxistar, andre ikkje.