Masfjordnes er ei bygd i Masfjorden kommune i Nordhordland. Staden ligg på sørsida av fjorden Masfjorden. På Masfjordnes ligg kommunen sitt administrasjonssenter. Før vart staden kalla Sandnes. Ferje trafikkerer sambandet Masfjordnes - Duesundøy ved Duesund. Ruta er om lag 800 meter lang. Bilvegen frå Masfjordnes til Bergen er 52 kilometer.

Masfjordnes
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Masfjorden
Postnummer 5981 MASFJORDNES
Preposisjon Masfjordnes
Spire Denne Hordalandartikkelen som har med geografi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.