Maskinpistolen MP5

MP5 er ein maskinpistol frå den tyske fabrikanten Heckler und Koch. Han skyt 9×19mm Parabellum-ammunisjon, og har magasin for 15 og 30 patronar.

MP5 maskinpistol

Våpenet er tilgjengeleg med både fast kolbe, faldekolbe og skuvkolbe.

MP5 blir rekna som eit særs nøyaktig våpen, som det òg er lett å lære seg å meistre. Det er svært liten rekyl når ein skyt med dette våpenet, om ein ikkje skyt heilautomatisk. Det er fire moglege skytemåtar: Enkeltskot, dobbeltskot, tre skot eller heilautomatisk. Kva alternativ som er tilgjengelege varierer mellom dei ulike modellane. Den som blir bruka i det norske Heimevernet har to måtar, enkeltskot og heilautomatisk.

Opphavleg heitte våpenet HK54, og det fekk namnet MP5 etter at den tyske hæren tok den i bruk som «Maschinenpistole 5» i 1966. Det har sidan vorte teke i bruk av militær- og politistyrkar i ei rekkje land, mellom dei Noreg.

MP5 finst i mange ulike variantar, blant anna desse som er i bruk i det norske forsvaret: MP5A2 (med fast kolbe) og MP5A3 (med skuv-kolbe).

Kjelder endre