Massachusetts Institute of Technology

Massachusetts Institute of Technology (MIT) er eit universitet i Cambridge i Massachusetts i USA med fokus på teknologi. I den seinare tid har biologiske fag fått ei større rolle. Det vart skipa av William Barton Rogers i 1862 og låg opphavleg på den andre sida av Charles river i Boston.

MIT er verdsleiande innan teknologi og vitskap, i tillegg til mange andre felt, mellom anna administrasjon, økonomi, lingvistikk, statsvitskap og filosofi.

Skyting Endra

For meir om dette emnet, sjå Boston maraton-bombinga.

18. april 2013 vart ein politimann skoten og drepen utanfor Stata-bygget.[1][2][3] Studentane vart råda til å halde seg innandørs av di den mistenkte var på frifot.[1]

Fotnotar Endra

Bakgrunnsstoff Endra