Massawa er ein by i regionen Semenawi Keyih Bahri ved raudehavskysten av Eritrea. Byen er den viktigaste hamna i Eritrea og ligg aust i landet. Med ein folkesetnad på cirka 95 000 er Massawa den tredje største byen i landet i areal og folkesetnad. Byen er hovudstaden i Semenawi Keyih Bahri-regionen og Massawa-distriktet. Massawa består av fastlandet og to øyar som er bundne saman med vegar.  Den første av dei to øyane vert kalla Taulud. På denne øya finn ein minnesmerket etter krigen, Mariam-domkyrkja, togstasjonen, Dahlak Hotell og keisarpalasset. Den andre øya vert kalla Batse. På denne øya ligg hamna og den gamle delen av byen. Denne delen av byen er sterkt påverka av arabisk kultur og utsjånad.

Massawa
Land  Eritrea
Region Semenawi Keyih Bahri
Distrikt Massawa distrikt
Areal 477 km²
Folketal 95 000  (2011)
Tidssone EAT
Kart
Massawa
15°36′00″N 39°26′00″E / 15.6°N 39.433333333333°E / 15.6; 39.433333333333
Wikimedia Commons: Massawa

Historie endre

Tidleg historie endre

 
Historisk kart over Massawa

Massawa var opphavleg ein liten kystlandsby, i antikken i sameksistens med Aksumriket, og han vart dominert av den nærliggjande hamnebyen Adulis, rundt 50 km i sør. Etter Aksum fall på 700-talet vart området rundt Massawa og sjølve byen okkupert av Umajjadi-dynastiet i åra frå 702 til 750. Beja-folket styrte òg Massawa som ein del av kongedømet sitt i området 740 til 1300-talet. Midri-Bahri var eit kongerike i Eritrea frå 1300-talet til 1800-talet og herska over Massawa. På denne tida vart Sheikh Hanafi-moskeen, den eldste moskeen i Eritrea, bygd på Massawa-øya. Det vart også reist fleire andre bygg i tidleg islamsk arkitektur, både i og rundt Massawa, mellom dei Dahlakøyane og Zula-halvøya.

Under osmansk styre endre

 
Eit døme på osmansk arkitektur i den gamle delen av byen

Massawa vart viktig då byen vart teke av Det osmanske riket i 1557. Tyrkarane gjorde han til hovudstaden i Habesh-provinsen. Under leiing av Özdemir Pasha gjorde osmanske troppar ein freistnad på å erobra resten av Eritrea. På grunn av den motstanden dei møtte, og dessutan det at osmanarane trong å styrkja styrkane sine i Middelhavet og på grensa mot Persarriket, sette osmanarane byen og omlandet under kontroll av ein Bellou-aristokrat underlagd den osmanske guvernøren i Suakin i dagens Sudan. Osmanarane grunnla på denne tida den gamle bydelen i Massawa på Massawa-øya og gjorde han til ei viktig hamn ved Raudehavet. Byen vart bygd i typisk islamsk osmansk arkitektur med turre korallar i vegger, tak og fundament, og dessutan importert trevyrke for bjelkar, vindaugsskodder og balkongar. Denne busetnaden og den gamle bydelen i Massawa finst framleis, etter å ha motstått både jordskjelv og krig med luftangrep.

Under egyptisk styre endre

 
Massawa på 1800-talet.

I løpet av 1800-talet vart Massawa, saman med store deler av den nordaust-afrikanske kysten av Raudehavet, styrt av Egypt med osmansk samtykke.

Etter at Egypt leid nederlag ved slaget ved Gura opphøyrde den egyptiske kontrollen over hamna. Med britisk assistanse kom byen til slutt under italiensk kontroll, og vart ein del av den italienske kolonien Eritrea i 1885.

Under italiensk styre endre

I 1921 vart det meste av byen og hamna i Massawa øydelagde av eit større jordskjelv, og hamna var ikkje fullt reparert før i 1928. Dette hemma dei italienske planane for området, men italienarane bygde likevel ut Massawa til å verta den største og sikraste hamna på austkysten av Afrika, og den største djupvasshamna ved Raudehavet.

Under andre verdskrigen var hamna ein viktig base mot Raudehavet for aksemaktene, fram til byen kom under alliert kontroll som følgje av felttoget i Aust-Afrika.

Under etiopisk styre endre

Frå 1952 til 1990, då Eritrea inngjekk ein føderasjon med Etiopia, vart Massawa hovudbasen for den no nedlagde etiopiske marinen. Då Etiopia oppløyste føderasjonen og okkuperte Eritrea, utløyste dette Den eritreiske sjølvstendekrigen. I februar 1990 erobra Frigjeringsfronten til det eritreiske folket Massawa i eit overraskingsåtak (operasjon Fenkil) frå både land og sjø. Dette førte til at frigjeringsfronten kutta logistikken til den etiopiske hæren i Asmara, som etter dette var avhengig av å få forsyningar luftvegen. Den dåverande etiopiske leiaren Mengistu Haile Mariam bomba då Massawa frå lufta, noko som medførte store skadar på byen.

Eritreisk sjølvstende endre

Som følgje av at Eritrea vart sjølvstendig, miste Etiopia tilgjenget til havet og den etiopiske marinen vart demobilisert og til dels overteke av Eritrea.

Under Den eritreiske-etiopiske krigen var hamna ute av drift, særleg som følgje av at den eritreiske-etiopiske grensa vart stengd. Dette avskar Massawa frå det tradisjonelle innlandet sitt. Eit stort kornfartøy frå USA med 15 000 tonn naudhjelp som la til i hamna seint i 2001 var den første betydelege sendinga som vart ekspedert gjennom hamna etter utbrotet av krigen.

Venskapsbyar endre

Kjelder endre