Master Humphrey's Clock
Master Humphrey's Clock var eit vekeblad som blei skrive og redigert av Charles Dickens og gjeve ut frå 4. april 1840 til 4. desember 1841, seinare samla i bokform i ulike versjonar. Det byrja med ei rammeforteljing der Master Humphrey fortel om seg sjølv og den vesle vennekrinsen sin, som liker å fortelja soger. Bladet inneheldt fleire noveller, og deretter romanane The Old Curiosity Shop og Barnaby Rudge. Truleg hadde Dickens planlagt at The Old Curiosity Shop skulle vera ei novelle som dei andre sogene i Master Humphrey's Clock, men etter nokre kapittel valde han å utvikla forteljinga til ein roman. Master Humphrey opptrer som fyrsteperson forteljar i dei fyrste tre kapitla av The Old Curiosity Shop, men forsvinn så frå soga: «I shall for the convenience of the narrative detach myself from its further course, and leave those who have prominent and necessary parts in it to speak and act for themselves.»
![]() | |
Forfattar(ar) | Charles Dickens |
---|---|
Språk | engelsk |
Sjanger | fiksjonslitteratur |
Utgjeven | 1840 |
Forlag | Chapman and Hall |
Illustratør | George Cattermole, Hablot Knight Browne, Daniel Maclise |
Handling Endra
Master Humphrey er ein einsam mann som bur i London. Han har gamle manuskript i eit antikt golvur i peishjørnet. Ein dag bestemmer han seg for å skipa ein liten klubb, kalla Master Humphrey's Clock, der medlemmane les tekstane sine for dei andre. Medlemmane er Master Humphrey; ein døv mann han ikkje veit namnet til; Jack Redburn; den pensjonerte kjøpmannen Owen Miles og Mr. Pickwick frå The Pickwick Papers. Det finst også ein systerklubb i kjøkkenet, Mr. Weller's Watch, der Mr. Weller har medlemmer som tenestejenta til Humphrey, barberen og Sam Weller.
Master Humphrey's Clock kom ut etter The Old Curiosity Shop og introduserte romanen Barnaby Rudge. Etter Barnaby Rudge er Master Humphrey att for seg sjølv i peishjørnet med sine eigne tankar. Her fortset den døve mannen forteljinga. Den døve mannen og vennane vender tilbake til Humphrey sitt hus der dei finn han død. Humphrey har late att pengar til barberen og tenestejenta slik at dei kan gifta seg. Redburn og den døve mannen ser etter huset, og klubben blir avslutta.
I delen av Master Humphrey's Clock som følgjer The Old Curiosity Shop, let Master Humphrey vennane sine vita at han er den figuren i forteljinga som blir omtalt som ein 'single gentleman'.
Rekkjefølgje Endra
Master Humphrey's Clock kom opphavleg ut i serieform kvar veke som inneheldt både noveller og to romanar (The Old Curiosity Shop and Barnaby Rudge). Nokre av novellene er rammeforteljingar for romanane.
Sjølv om Dickens opphavleg planla å halda novellene og romanane samla, avslutta han sjølv Master Humphrey's Clock før 1848, og skreiv i eit forord til The Old Curiosity Shop at han ikkje ønskte romanen skulle vera bunden til dei ulike sogene han starta med.[1] I mange seinare antologiar er novellene og romanane blitt gjevne ut separat. Dei blei likevel gjevne ut saman i tre band i 1840 med tittelen Master Humphrey's Clock, i same rekkjefølgje som dei opphavleg blei gjevne ut. Dette verket blei illustrert av George Cattermole og Hablot Browne, betre kjend som «Phiz».
Kjelder Endra
- ↑ Charles Dickens - Preface to The Old Curiosity Shop, 1848 Cheap Edition
- Denne artikkelen bygger på «Master Humphrey's Clock» frå Wikipedia på engelsk, den 11. desember 2022.
Bakgrunnsstoff Endra
- Master Humphrey's Clock ved Internet Archive. Den opphavlege innbundne versjonen i 3 band med illustrasjonar.
- Project Gutenberg e-tekst av rammeforteljinga og novellene (romanane er separate e-tekstar)
- G. K. Chesterton's discussion of Master Humphrey's Clock i Appreciations and Criticisms of the Works of Charles Dickens
- "From Caricature to Progress: Master Humphrey's Clock and Martin Chuzzlewit" av Michael Steig ved Victorian Web – artikkel om Dickens sitt samarbeid med illustratørane sine i denne perioden.